DSB: Ha litt ekstra av det viktigaste du treng for å klare deg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fungerande direktør for DSB, Per K. Brekke. Foto: Anita Andersen, DSB/Flickr/CC BY-ND 2.0

Direktør Per K. Brekke i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier han forstår at nokon bekymrar seg for korleis dei skal få tak i mat. Men sidan vara finst i butikkane, kan utfordringa bli å få frakta dei heim, meiner han.

– For dei fleste vil det vere mogleg å få handlehjelp av familie, naboar eller venner. Viss ikkje, kan ein ta kontakt med kommunen for å få hjelp, seier han.

Trass i dette oppmodar han alle nordmenn til å ha litt ekstra av det viktigaste dei treng for å klare seg sjølv i minst tre dagar.

Oppmodar til å ha litt ekstra

Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har tidlegare utarbeidd ei liste over ting nordmenn bør ha i eit beredskapsslager i heimen. Tinga på lista skal i ein krisesituasjon dekke behov dei første tre døgna av ei krise, som drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon.

På lista står det mellom anna at ein bør ha to pakkar knekkebrød, ei pakke havregryn, tre boksar middagshermetikk eller posar med tørrmat per person, og dessutan nokre posar med tørka frukt, nøtter, kjeks eller sjokolade.

På lista står det òg at ein bør ha medisinar ein er avhengig av, do- og tørkepapir og førstehjelpsutstyr.

Foto: DSB Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

– Treng ikkje endre handlevanar

– Viss fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst, seier DBS-sjefen.

Han understrekar overfor NTB at virussituasjonen i Noreg ikkje truar forsyningssikkerheita, og at det ikkje er nødvendig å hamstre.

– Det er ikkje noko i situasjonen no som gjer at folk treng å endre handlevanane sine, seier han.

– Det viktigaste folket kan gjere no, er å følgje rådet frå helsestyresmaktene, held han fram.

Nok febernedsettande og basisvarer

Førre veke melde fleire matvaregrossistar og matvarekjeder om ein kraftig auke i etterspørselen etter tørrmat, vassdunkar og hermetikk.

Apoteka har meldt at dei utselt for munnbind og at dei jobbar for å møte etterspørselen etter handsprit. Apotek 1 opplyser til NTB at det òg er stor etterspørsel etter meningokokkvaksinar mot lungeinfeksjon.

– Vi merkar ei auka tilstrømming av kundar og har innført rasjonering av Antibac. Vi ser òg at vi sel meir såpe, fleire termometer og hanskar. I det siste har vi òg selt meir C-vitamin, seier kommunikasjonssjef Kjersti Solberg Ofstad til NTB.

Det finst ikkje bevis for at C-vitamin hjelper mot koronaviruset. Folkehelseinstituttet skriv på nettsidene sine at det ikkje finst noka spesifikk behandling eller vaksine mot sjukdommen.