«Vi har ingen å miste»

Maria Sangolt
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein liten tanke frå meg.

Etter å ha sett på klipp frå gravferda til vår alles kjende og kjære Jahn Teigen, gjekk det opp for meg for første gong i mitt liv, kvifor eg har risikoaversjon på områder som handlar om menneske og liv.

Kvifor det gjer så vondt at andre mister nokon eg sjølv ikkje kjenner, eller kvifor det er så tøft med gravferder – uansett kven det måtte vere frå fjern eller nær.

Kvifor det umiddelbart går alarmar hos meg når ting kan bli farleg.

Kvifor eg alltid krisemaksimerer, og kvifor eg i visse situasjonar får angst som set seg i kroppen lenge.

Det er så enkelt som at eg er livredd for å miste nokon. Ikkje berre dei eg kjenner, men dei som kjenner nokon som eg kjenner, eller dei som eg ikkje kjenner i det heile tatt.

Kvar historie eg høyrer om dei som har forlatt oss, rører meg langt inn i margen. Eg har ingen å miste. Vi har ingen å miste.

Ta vare på kvarandre i desse skumle, ekle, skremmande – men samtidig fine tider.
Hald karantena, det går over. Vi har ingen å miste.

Følg råda som er gitt i henhald til førebygging av spreiing. Vi har ingen å miste.

Ros dei rundt dykk som vel å avstå frå arrangement på grunn av frykt eller velkalkulert risiko. Vi har ingen å miste.

Til slutt:
Gi ein hyllest til alle dei menneska i helsevesenet, hjelpeorgan og beredskap som kvar dag stiller opp for oss alle. Takk. Tusen takk.

Har du også noko hjarta? Politisk, personleg, underhaldande eller anna?
Send til oss: tips(a)framtida.no.