Menneskeleg handdispenser vekker harme: – Rasisme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag publiserte den saudiarabiske komikaren og skodespelaren Hisham Fageeh eit bilete av eit bilete teke hjå oljeselskapet Saudi Aramco.

Den saudiarabiske oljegiganten hadde fått ein arbeidsimmigrant til med ansiktsmaske til å kle seg ut som ein handdispenser.

 

Biletet får kritikk på Twitter for å vere rasistisk, melder nyheitsnettstaden Buzzfeed.

 

Etter at bileta gjekk viralt har Saudi Aramco lagt ut ei melding skriven på Twitter arabisk på Twitter, der dei skriv at dei er sterkt misnøgd med det som har skjedd.

Ifølgje Buzzfeed kjem det ikkje fram i meldinga kven som var ansvarleg for at han delte ut handsprit i lobbyen. Selskapet kjem heller ikkje med ei unnskyldning til mannen i posten.

Kafala-kritikk

I tillegg peikar fleire på at situasjonen viser mangelen på rettar for framandarbeidarar i landet.

Saudi-Arabia har sidan 1990-talet teke inn millionar av framandarbeidarar for å drive landet. Ifølgje nettstaden Gulf Business var 75 prosent av arbeidsstyrken i gulflandet utanlandske i fjor. Landet har dei siste åra strama inn på bruken av framandarbeidarar, mellom anna ved å auka avgiftene arbeidsgjevarar må betala og forby utanlandske arbeidarar å ha visse stillingar.

Saudi-Arabia har over lengre tid fått kritikk for si handsaming av framandarbeidarar gjennom systemet som vert kalla kafala, som gjev arbeidsgjevarane stor kontroll over arbeidarane dei står som sponsor for.

 

Ifølgje VG si landoversikt har Saudi-Arabia i dag 21 registrerte smittetilfelle og ein friskmeldt. Dei ligg difor langt bak topplandet Kina, som har over 80.000 smitta og 3000 dødsfall.

Koronarasisme

Ein annan brukar kallar situasjonen for koronarasisme:

Etter at koronasmitta råka Kina har fleire personar med asiatisk utsjånad fortalt om rasistiske hendingar. Jiye Seong-Yuin, ein 29 år gammal sørkoreansk omsettar busett i Haag i Nederland, fortel til Buzzfeed at ho vart forsøkt dytta av sykkelen sin av to menn på ein scooter som ropte «kinesar» etter ho.

TV 2 skriv om 23 år gamle Jonathan Mok frå Singapore som vart banka opp på gata i London av ei gruppe mennesker der den eine sa: «Eg vil ikkje ha koronavirus i landet mitt».

Også i Noreg har me hatt fleire saker. Ein far stod fram i TV 2 og fortalde at ungdommar ropte «koronavirus» vart ropt etter dottera hans på 13 år. Då Sondre Lervik (21) frå Bergen var på skitur i Austerrike med folkehøgskulen fortalde han til NRK at folk peika, tok bilete, ropte «korona, korona» og flytta seg på bussen.

Her heime fortel Aurora Bjørtuft (18), som er halvt sør-koreansk, at ein bussjåfør sa til ho at han håpa ho ikkje drog med seg noko virus på bussen.