1 av 8 stolar ikkje på klimaforskinga
Nordmenn har høg tillit til forsking generelt, men på klimaforskinga ser biletet annleis ut, viser ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i den siste befolkingsundersøkinga frå Forskningsrådet, laga av Kantar.
Dei har undersøkt folk si tillit til all forsking, som viser at 83 prosent av oss har «meget» eller «ganske» stor tillit til forskinga.
Likevel varierer det når ein spør om forskinga innanfor ulike tema.
75 prosent har god tillit til helseforsking, medan berre halvparten av oss stolar særleg på kjønns- og likestillingsforskinga.
- Visste du at 63% av oss meiner verda står ovanfor ei klimakrise?
Les meir i listesaka om klima-statistikk her.
13 prosent har lite tiltru til forskinga
På klimaforsking har 56 prosent svært stor eller stor tillit, men 13 prosent har liten eller svært liten tillit til forskinga på dette feltet – det vil seie at rett over 1 av 8 personar.
Folk med meir utdanning enn vidaregåande skule har betydeleg større tillit til forsking enn andre. Dette gjeld klimafeltet meir enn dei andre felta.
– Det er betryggande å sjå at nordmenns tillit til forsking generelt er høg, men det er urovekkande at klimaspørsmålet synest å vera noko som skapar polarisering blant folk også når det gjeld forskinga, seier administrerende direktør i Forskningsrådet John-Arne Røttingen i ei pressemelding.
3 av 10 meiner forsking er kjøpt og betalt
Heile 85 prosent av oss meiner at forsking er til nytte for ålmenta. Likevel er det heile 30 prosent som er samde i påstanden: «forskningsresultat er ofte kjøpt av industri eller styresmakter og er dimed ikkje til å stola på».
Like mange er samde i påstanden: «forskningsresultat er i stor grad prega av forskarane sine eigne politiske haldningar og oppfatningar”.
Forskingsministeren er uroa
Forskingsminister Henrik Asheim (H) seier til Dagbladet at han er uroa over resultata, men møter samstundes skeptikarane med forståing.
– Vi må ikkje kalle alle som er skeptiske til forskinga for idiotar og ikkje bry oss om dei. Dei er bekymra for mange av klimatiltaka som blir foreslått, og er i tvil om grunnlaget for ein så radikal politikk er god nok.