Forskar Petra Langebroek lagar teikneserie om klimaforsking

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i år fekk klimaforskar Petra Langebroek ein mogelegheit ho ikkje kunne gå glipp av.

Ho fekk høve til å bruke fire veker på Grønland, som ein del av East Greenland Ice-Core Project (EastGRIP). Prosjektet skal bore etter iskjernar som er tusenvis av år gamle og tusenvis av meter djupe.

Det var berre ein ting som var uklårt: Korleis skulle ho forklare for sønene sine, Finn (7) og Nils (4), kva ho skulle til med?

– Eg fekk så mange spørsmål om kvifor eg skulle så langt, om der var mat, kvar eg skulle bu og korleis vi forskar der, fortel Petra Langebroek på telefon til Framtida.no.

Difor bestemte klimaforskaren seg for å forklare det heile i ei bilet-historie med legokarakterar frå NinjaGo. Laga på Grønland, og oppdatert gradvis for dei som sat heime i Bergen.

Framtida.no har fått løyve til å omsetje og publisere heile forteljnga på nynorsk. Del ein kan du lese her!

Sønene til Petra Langebroek 4 år gamle Nils (t.v.) og 7-åringen Finn, har lese heile historia på nynorsk. – Det var råkult! sa Finn. Det han likte best var å sjå grotta der forskninga føregjekk, og kor alle forskarane sov og åt mat. Nils likte best kakebilete!

(Is)kjerna til fortidas klima

Petra Langebroek er klimaforskar hjå forskingsinstituttet NORCE og Bjerknessenteret for klimaforsking.

38-åringen hadde aldri vore på Grønland, før ho skulle ta fatt på forskingsoppdraget. Ho fortel at i det flyet landar på isen, er det som å trakke ut i ei heilt anna verd:

– Det er så stort, vidt og flatt der. Vanlegvis når du går på fjelltur i Noreg, ser du andre fjell rundt deg. Slik er det ikkje på Grønland, det er kvitt av snø overalt.

Langebroek laut først fly til Kangerlussuaq på vestkysten av Grønland, derifrå gjekk ferda vidare til EastGRIP-basen lenger nord mot midten av landet.

På basen samarbeider forskarar frå eit hopetal nasjonalitetar om å drille ut iskjernar frå den nordaustlege Grønlands isstraumen (NEGIS).

Ved hjelp av iskjernane kan ein få ny kunnskap om korleis istraumen «oppfører seg», slik at forskarane betre kan estimere korleis isen som smeltar vil påverke havnivået.

Samstundes er iskjernane eit arkiv for klimaet som har vore i fortida. Dei kan halde på klimahistorie for dei siste 100 000 åra.

Les meir om aktiviteten ved EastGRIP her, eller sjå video om forskinga: 

Frå Excel-arket til nevane

Forskinga til Petra Langebroek fokuserer på isdekke. Målet hennar er å finne ut korleis isdekke endrar seg i takt med klimaet.

I arbeidet brukar ho numeriske modellar, og granskar kva som skjer med isen når temperaturen endrar seg – når det vert kaldare, varmare, meir eller mindre snø.

– Ein ting som er veldig vanskeleg med Grønland, er at nokre delar av Grønlandsisen straumar raskare enn andre, forklarar Langebroek.

Petra Langebroek. Foto: Privat

EastGRIP-basen ligg på ein av desse plassane. Det har vorte bora iskjernar på Grønland sidan 1955, men målet på denne basen er å bore gjennom heile iskappa midt i den nordaustlege Grønlands isstraumen (NEGIS). Det er 2550 meter ned.

For Petra Langebroek, som til vanleg jobbar ved ei datamaskin på eit kontor i Bergen, var dette ei heilt ny oppleving:

– Vi jobbar med iskjernar, som eg berre kjenner som datapunkt på eit Excel-ark. Det var veldig spesielt å halde dei i hendene sjølv, seier forskaren.

Frå Bergen til Grønland

Det er mykje uvant med eit forskingsopphald på Grønland – ein lyt trene på kva ein gjer om ein møter isbjørn, grønnsaker vert etterkvart mangelvare, og doane er kalde.

Samstundes verkar det som ein er endelaust langt heimefrå.

Men for Finn og Nils som sat heime i Bergen, var det ikkje lenger eit mysterium kva mamma dreiv på med.