«Fritt skuleval er ikkje perfekt, men det fungerer best»

Vebjørn Leite Olsen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget er tidlegare publisert i Firda og omsett til nynorsk av Framtida.no.

Her må vi høyre på dei som faktisk må ta konsekvensane av det valet her, nemleg elevane sjølve!

Elevorganisasjonen, fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane og fylkesting for ungdom i Hordaland er alle einige om at fritt skuleval er den beste løysinga.

Livets mange val

I løpet av livet tar vi ei rekkje små og store val: Kven skal vere vennene våre? Kva for aktivitetar skal vi bruke fritida vår på, eller kor skal vi gå på skule?

Kvart år søkjer fleire tusen elevar seg inn på den vidaregåande skulen dei ønskjer å gå på.

Det viktigaste er at eleven sjølv skal ha moglegheita til å ta det valet

For mange kan det vere eit spesielt studietilbod dei ønskjer å søke seg til, eller kanskje berre det å kome seg inn i eit nytt miljø.

Det spelar inga rolle kva grunnen er, det viktigaste er at eleven sjølv skal ha moglegheita til å ta det valet. Det får dei gjennom fritt skuleval.

Åtte av 17 fylke har fritt skuleval

AUF, SV og Sp tar ikkje med at største problemet for linjer i fylket er at det er for få søkjarar til eksempel til danselinja på Firda VGS, ikkje at det er for mange. Kanskje fleire frå Hordaland vil begynne på Firda VGS i vestlandsfylket.

I dag har åtte av 17 fylke fritt skuleval. Der betyr at vi elevar fritt kan søkje på den skulen vi ønskjer å gå på. Det er ikkje berre ei friheit vi som elevar fortener, men også ei tillitserklæring om at vi sjølve veit best kva for skule vi ønskjer å søkje oss til.

Det er inga tvil om at fritt skuleval fungerer. Når ni av ti elevar kan juble over å ha sikra førstevalet sitt er ikkje det tilfeldig.

Det viser at dei elevane som jobbar målretta oppnår måla sine, uavhengig av sosial bakgrunn.

Kven bestemmer?

Rundt om i heile landet ser vi no at Arbeidarpartiet og venstresida sår tvil om fritt skuleval.

Dei fjerna det i Buskerud, Hordaland og ei rekke andre Ap-styrte fylke.

No ser vi også at dei begynner å så tvil om fritt skuleval i Oslo.

Fritt skuleval er ikkje perfekt, men dette kokar ned til eit grunnleggjande spørsmål: Kven er det som skal bestemme kva for skule du skal gå på? Er det politikarane på venstresida og postnummeret ditt som skal avgjere, eller skal det vere ditt val?

Fritt skuleval for alle!

Elevorganisasjonen er for fritt skuleval. Elevane er for fritt skuleval. Er det nettopp nokon som veit best kva for studietilbod som motiverer dei så er det elevane sjølve.

Fritt skuleval handlar om å setje menneske framfor systemet

Når vi veit at èin av tre elevar ikkje fullfører vidaregåande er det difor avgjerande å leggje opp til eit studieløp som motiverer. Då nyttar det ikkje å tre ei A4-løysing over hovudet på norske elevar, sjølv om det er enklare for skrivebordspolitikarane i Arbeiderpartiet, SV, Sp.

Fritt skuleval handlar om å setje menneske framfor systemet. Gje kvar enkelt elev den fridomen og tilliten dei fortener for å følgje sine draumar og ambisjonar.

Vi i Unge Høgre kjem i alle fall ikkje til å gje oss før alle fylke i heile landet, frå Agder i sør til Finnmark i nord, har fritt skuleval.

Den fridomen skuldar vi alle elevar der ute.

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no.