Fritt skuleval møter motstand i høyringssvar
Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statped åtvarar alle mot regjeringsforslaget om å innføre fritt skuleval.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa vil innføre fritt skuleval som inntaksordning for vidaregåande skular i alle fylke. Men i høyringsrunden, som vart avslutta nyttårsaftan, får forslaget brei kritikk.
I alt 120 høyringssvar er publiserte av Utdanningsdirektoratet. 82 av desse avviser begge alternativa for fritt skuleval som regjeringa foreslår, skriv Trønder-avisa , som har gjennomgått alle høyringssvara.
- Les også: Regjeringa vil innføre fritt skuleval i alle fylke. I dag er det opp til fylka sjølv å bestemme
Er du for eller mot fritt skuleval?
Er du for eller mot fritt skuleval?
Faren for «A- og B-skular»
Eit argument som går igjen i høyringssvara, er ifølgje avisa at fylka må få bestemme sjølv.
Ei anna motførestilling er at fritt skuleval kan gå ut over elevar med svake karakterar.
Fleire trekker fram faren for «A- og B-skular», der elevar med gode karakterar går til dei mest populære skulane.
Les også meiningsinnlegga:
- Vebjørn Leite Olsen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, meiner fritt skuleval ikkje er perfekt, men det fungerer best.
- Ap-politikarane Stian Davies og Sandra Tenud meiner fritt skuleval trugar retten til nærskule i storfylket Vestland.