Malala om Greta Thunberg: – Den einaste venen eg ville skulka skulen for

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Så… i dag møtte eg mitt førebilete. Kva meir kan eg seie? skriv Greta Thunberg på Twitter tysdag denne veka.

Den svenske 17-åringen har teke eit friår frå skulen for å prioritere klimakampen etter at skulestreikane ho starta har vorte ei internasjonal rørsle.

Greta etterlyser verkelege null-utslepp

Ifølgje CNN møtte Thunberg den pakistanske aktivisten Malala Yousafzai på universitetet i Oxford, der 22-åringen studerer.

Rektor ved Lady Margaret Hall hjå Universitetet i Oxford skriv at Thunberg møtte fleire studentar for å mellom anna snakka om netto null-utslepp versus verkeleg null-utslepp.

Då Thunberg snakka til verdas toppleiarar under toppmøtet i Davos tidlegare i år, var ho tydeleg på at kravet ikkje er å nå «netto null-utslepp eller karbonnøytralitet ved å jukse eller trikse med tal».

– Før me har teknologien som i stor skala kan få utsleppa våre i minus, må me gløyma netto null. Me treng verkeleg null, sa ho frå scena i Davos januar.

Malala: – Den einaste eg ville skulka skulen for

Yousafzai vart på si side eit internasjonalt symbol for jenter si rett til utdanning i 2012, då ho vart skoten på ein skulebuss på bakgrunn av sitt engasjement for saka.

I 2014 vart ho tidenes yngste mottakar av Nobels ferdspris, som ho delte med indiske Kailash Satyarthi.

Yousafzai bruker også Twitter for å uttrykke si støtte til Thunberg, og skriv:

– Ho er den einaste venen eg ville skulka skulen for.

Sterke jenter

Det er ikkje første gongen Yousafzai  har hylla greta. I eit intervju med Teen Vouge hylla 22-åringen mellom anna Greta Thunberg og Emma Gonzales, som har markert seg i kampen for strengare våpenlover etter skuleskytinga i Florida i 2018.

Møtet mellom dei to unge aktivistane vekkjer åtgaum verda over og tidlegare presidentfrue, Michelle Obama, har delt Yousafzai sitt innlegg vidare med ein hjerte-emoji, saman med ein sterk arm: