Tine og Nortura set søkjelyset på unge bønder si psykisk helse

Opptrappinga er ein del av prosjektet «Unge bønders psykiske helse».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tine og Nortura er to av samvirkeorganisasjonane som har samla alle rådgivarane sine til kurs og kompetanseheving i psykisk helse.

– Jarlsberg ut, ned med kvotar og klimakutt – i tillegg til flaum eller tørke. Utfordringane står i kø for mange gardbrukarar om dagen. Samstundes held krava fram om auka effektivisering i åra framover. Det blir stadig kravd meir av bøndene, som blir profesjonaliserte. Derfor må også apparatet rundt bøndene bli meir profesjonelt for å førebyggje psykiske lidingar, seier fagsjef i Tine Rådgiving John Fløttum til Nationen.

Faretrugande rekningsbunke

Eli Berven, rådgivar på gris i Nortura, seier at alle rådgivarane deira no veit kva dei skal gjere dersom dei kjem i ein situasjon der bonden ikkje har det greitt.

Fløttum og Berven fortel at eit samla norsk landbruk har valt å setje søkjelys på psykisk helse gjennom eit felles prosjekt retta mot spesielt unge gardbrukarar.

Dei fortel vidare at eit faresignal kan vere at bunken med rekningar ligg høg og ubetalt på kjøkenbordet.

– Tett relasjon byggjer tiltru og tillit

Fløttum trur nettopp at rådgivarar i ulike samvirkeorganisasjonar vil kunne ha ei viktig rolle for å hindre psykiske helseproblem hjå gardbrukarar.

– Dei kjenner ofte både gardbrukar og gard svært godt gjennom jamlege besøk. Tett relasjon byggjer både tiltru og tillit – noko som er avgjerande for å skape tryggleik til å ta opp vanskelege tema, seier han.

Med på samarbeidsprosjektet «Unge bønders psykiske helse» er også Mental Helse Ungdom, Norsk Landbrukssamvirke, Ruralis, Norges Bondelag, Norsk landbruksrådgiving, Norsk bonde og småbrukarlag og Norges bygdeungdomslag.

Les også: Frå skulebenken til mjølkegrava – 1 av 5 bønder kjenner seg einsame og mange er uroa over gjeldsbyrda

Steffen Fjellestad er sjølv odelsgut. Foto: Privat.

Steffen Fjellestad er odelsgut, frå Gloppen. Foto: Privat.