Rekordmange søkjarar til yrkesfag
Søkjartala til vidaregåande skule viser rekordhøg interesse for yrkesfag i Noreg.

Heile 54 prosent av søkjarane har valt yrkesfag som førsteval, noko som er den høgaste delen nokosinne. Auken er størst innan teknologi- og industrifag og helse- og oppvekstfag.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) er svært nøgd med utviklinga og seier i ei pressemelding:
– Det er utruleg bra. Noreg treng fleire dyktige fagarbeidarar for å kunne løyse dei store samfunnsutfordringane me har framfor oss.
Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å styrkje yrkesfaga, mellom anna har dei innført ein fullføringsrett og rett til å ta eit nytt fagbrev sjølv om ein har eit frå før. Det er òg rekordmange som fullfører og får fagbrev, og fleire kjem seg raskt ut i jobb.
Statistisk sentralbyrå (SSB) anslår at Noreg kan mangle 85 000 fagarbeidarar i 2035. For å møte dette behovet brukar regjeringa nær ein milliard kroner i år på tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande skule og kvalifisere seg til arbeidslivet.
Auken i søkjarar til yrkesfag er tydeleg i dei fleste fylka. Med unntak av Akershus og Oslo har alle fylka over 50 prosent søkjarar til yrkesfag. Finnmark toppar lista med 71 prosent, følgd av Møre og Romsdal, Nordland og Innlandet med 64 prosent.