To ting er viktigare enn karakterar når du vil ha lærekontrakt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 25.01.2020 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunikasjonssjef Odd Nausdal ved Kværner Stord fortel kva som betyr mest for å få lærekontrakt ved det største verftet i Noreg.

– Fråvær, motivasjon, karakterar, i den rekkefølgja, seier han til Framtida.no.

30 lærlingar kvart år

I tillegg er fritidsinteresser og sjansen for å fortsetja i jobben etter læretida også noko som påverkar.

I fjor tok Kværner Stord inn 31 lærlingar – éin meir enn året før.

Odd Naustdal reknar med at bedrifta vil ta i mot rundt 30 lærlingar kvart år framover, men med nokre variasjonar frå år til år, avhengig av aktivitet og trykket per fag.

Det er bruk for ei rad ulike typar ingeniørfag og yrkesfag ved Kværner Stord.

LES OGSÅ: Jobben deira blir å ta jobben frå andre

Treng unge din digitale kompetanse

Ved hjelp av digitalisering, automatisering og robotisering skal Kværner produsera meir, og til ein endå betre kvalitet.

– Dette er ein av grunnane til at me treng motivert ungdom inn i industrien, der me miksar dei unge sin digitale kompetanse med den gode fagkompetansen me har utvikla på Kværner gjennom 100 år, seier Odd Naustdal.

Han reknar med bedrifta vil ha behov for lærlingar i alle dei 13 lærefaga deira.

– Flest lærlingar vil me nok henta frå TIP- og elektrolinene, avsluttar han.

LES OGSÅ: Thomas (16) er tre dagar på skule og to dagar i bedrift

Thomas Håranes frå Sand er prøvekanin i pilotprosjektet yrkes- og studiekompetanse (YSK) . Han er på Norsk Stein to dagar i veka.