Kunnskaps-Grande dreg på turné – varslar reform i den vidaregåande skulen

Det er 25 år sidan sist det skjedde store endringar i den vidaregåande skulen. No varslar kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) ny reform og dreg ut på turné.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reform 94, i 1994/95, var sist gong politikarane gjorde store omveltingar i den vidaregåande skulen.

Det byrjar å bli lenge sidan, meiner den nyslåtte kunnskapsministeren.

– Fleire skal få høve til å bruke og utvikle evnene sine

Trine Skei Grande Foto: Stortinget

Trine Skei Grande opplyser at ho denne våren skal reise ut på tur i heile landet for å treffe elevar, lærlingar, lærarar og andre som arbeider med vidaregåande opplæring – både i skule og bedrift.

Og så vil ho gjere endringar.

– I dag er det for mange som byrjar på vidaregåande med kunnskapshol frå grunnskulen. Mange er heller ikkje godt nok budde på vidare studiar og arbeid etter vidaregåande. Vi må få opplæringa til å passe til ei unik og mangfaldig elevgruppe. Dette vil kome både den enkelte og samfunnet til gode, seier Grande i ei pressemelding.

Ho omtalar planane som ei «fullføringsreform».

– Kanskje må ikkje alle gå i same tempo. Fleire skal få høve til å bruke og utvikle evnene sine heile livet, seier Grande.

Hovudutfordringane

Ho har laga ei liste over det ho meiner er fem hovudutfordringar som hindrar elevane i dag i å lykkast:

  • Mange byrjar på vidaregåande med for svake føresetnader.
  • Elevane blir ikkje godt nok budde til vidare studiar.
  • Fagopplæringa dekkjer ikkje behovet til elevane og arbeidslivet godt nok.
  • Psykiske vanskar og psykisk sjukdom blant ungdom i vidaregåande opplæring aukar.
  • Mange mistar retten til vidaregåande utan å ha fullført på grunn av den tidsavgrensa retten.

 

Bakgrunnsfoto: Siora Photography/Unsplash. Foto:Privat