– Eg er 31 år og veit ikkje kva eg vil bli når eg blir stor

Linn Helén Aamodt
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har droppa ut av høgare utdanning fire gonger. Det er noko eg skammar meg så mykje over at eg ikkje greier å fortelje det til folk som stiller spørsmål om min faglege bakgrunn.

Eg avfeiar, tonar ned eller regelrett lyg kvar gong. Éin eller to gonger kan eg forklara vekk med at; «livet kom i vegen». Men fire? Ingen sitt liv kjem i vegen fire gonger. Då blir det tydeleg at det berre er eg som er mislukka.

Den eigentlege grunnen er mykje enklare, og mykje vanskelegare: at eg berre ikkje fekk det til.

Eg var jo smart

Å måtte anstrenga seg på skulen var heilt framand for meg som barn. Eg kunne uproblematisk koma meg gjennom både ungdomsskulen og vidaregåande utan å gjere lekser, lese til prøvar eller levere inn oppgåver. Dette gjorde at eg slapp unna med ting eg ikkje burde sloppe unna med, fordi eg vart sett på som intelligent og har akademisk anlegg.

Dei var midt på treet, men det var nok

Eg skulle sjølvsagt få det til, eg var jo smart. Og det gjorde eg jo. Ved å gjera det absolutte minimum i fleire år. Fekk eg gode karakterar? Nei. Dei var midt på treet, men det var nok.

Linn Isabel Eielsen har tidlegare skrive om press på vidaregåandeelevar. Bakgrunnsfoto: Pixabay. Illustrasjonar: L-innsikt. Portrettfoto: Privat.

Studiar var forventa av meg

Overgangen til studiar trefte meg som ein vegg. Det vart heilt plutseleg stilt krav til prestasjonar, karakterar betydde noko og aktiv deltaking var forventa. Plutseleg måtte eg kunne studera, men eg visste knapt kva studieteknikk var.

Det vart aldri presentert nokon reelle alternativ til høgare utdanning, sjølv om eg gav tydeleg uttrykk for at eg ikkje var klar for å studera eller hadde noko formeining om kva eg ville gjere. Studiar var forventa av meg.

Ingen vaksne stilte krav

Det eg hadde trengt, sei då eg var tolv-tretten, var å bli sett av ein vaksen. At dei ikkje tok det for gitt at eg klarte det, at det gjekk bra med meg uansett.

Årsakene til at eg ikkje følte meg sett er mangefasetterte, og mykje av det stammar nok frå meg sjølv, og ikkje nødvendigvis manglande innsats frå lærarar og andre autoritetsfigurar, men opplevinga var veldig ekte for meg.

Éin lærar eg var spesielt glad i og som såg potensialet mitt vart langtidssjukemeld på eit kritisk tidspunkt, til dømes. Personen som fylte stolen godtok innsatsen min som den var – og sånn skjønte eg at eg kunne lura systemet: eg gjorde det til eit personlegdomstrekk å falla mellom to stolar.

Livet føltest som om det var ute av kontroll

Sidan eg følte at ingen vaksne såg meg, hjalp meg eller stilte krav til meg då det var mogleg, utagerte eg. Livet føltest som om det var ute av kontroll, men aldri meir enn at eg kunne skjule det for alle.

Men du er jo mor!

Eg vil gjerne ta tilbake den kontrollen, og peile meg inn på noko som kan minna om eit mål.

Problemet er at eg framleis ikkje veit kva alternativ eg har til høgare utdanning, og jo eldre eg blir, jo vanskelegare blir det å ta eit val.

Velmeinande «men du er jo mor!» når eg seier eg ikkje veit kva eg vil bli, hjelper ikkje. For det er nettopp sjølvsagtheita bak verdiane av desse identitetane, som kjennest påtvunge.

Eg er Linn Helén. Eg er 31 år gamal og veit framleis ikkje kva eg vil bli når eg blir stor.

Jusstudent Erik Fossnes meiner studentane kan skulde seg sjølv for det høge karakterpresset, men at det ikkje er udelt negativt. Illustrasjonsfoto: Hunters Race, Unsplash.com