Tina (16): – Vi er vitne til eit svik utan like frå foreldregenerasjonen

Tina Razafimandimby Våje
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Aftenposten Si;D og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Eg passar innanfor kategoriane «ung» og «engasjert». Men eg vil ikkje vere det. Eg vil ikkje måtte kjempe for ei berekraftig framtid – mi framtid. Eg vil ikkje kjenne på frykta for at verda slik vi kjenner ho, forsvinn framfor augo våre. Eg vil ikkje kjenne på skamma for at vi, som har mykje ansvar, ikkje gjer nok.

Diverre er det realiteten eg og mange andre lever med.

Klimaangsten er annleis enn mange andre typar angst, fordi den rett og slett er veldig godt grunngjeven. Den er ikkje reservert «naive» klimaungar, men er også utbreidd blant forskarar og ekspertar.

Med stor makt kjem stort ansvar

Klimakrisa er urettferdig. Menneske i fattigare land vert mykje hardare ramma enn vi som har ressursar til å ruste opp, sjølv om vi har mest skuld i problemet. Menneskeslekta ofrar naturen for korsiktig, økonomisk vekst.

Ungdomen, som korkje har stemmerett eller nok erfaring til å bli tekne seriøst, er vitne til eit svik utan like frå foreldregenerasjonen. Spider-Man sa: «Med stor makt, kjem stort ansvar.» Det er på høg tid at dei med den store makta, tek sitt store ansvar.

Det er ikkje rett at enkeltmenneske skal ta på seg all skulda for klimakrisa.

Det er ikkje rett at enkeltmenneske skal ta på seg all skulda for klimakrisa. Gjennomsnittsnordmannen kan ikkje redde verda når vi lever med system som gjer det økonomisk og tidsmessig krevjande å leve miljøvenleg.

Dei med størst historisk ansvar, mest ressursar og størst makt burde gå føre. Vi må ha klimarettferd.

Gøyme meg under dyna

Eg får ofte lyst til å gøyme meg under dyna og vente til dei skumle nyhenda forsvinn. Men klimakrisa går jo ikkje over av seg sjølv.

Eg trur at dei aller fleste som passar innanfor kategorien «engasjert», har kjent på frykt. Nettopp det å vere «engasjert» er for mange eit ufrivillig val, for kva er alternativet? Det farlegaste som kan skje i ei krise, er at ein ikkje kjempar aktivt imot ho.

Klima er ikkje lengre ei sak for spesielt interesserte aktivistar. Det angår oss alle.

Makthavarane kan spørje seg sjølv: Kva kan vi ha gjort, eller unngått å gjere, for å bli sett på som så handlingslamma at ungdomen mistar håp? Kor mykje har vi latt vere å gjere når 40.000 norske skuleelevar kjem seg opp frå under dyna og ropar etter handling?

Den 22.mars var eg med på å arrangere det som blei den største demonstrasjonen for klima og miljø i noregshistoria. Folket krev handling. Solidaritet. Og godt leiarskap. No. Klima er ikkje lengre ei sak for spesielt interesserte aktivistar. Det angår oss alle.

Vi er viktige no. Ikkje om 11 år.

Eg har valet mellom å stå handlingslamma i møtet med den største utfordringa i historia, eller å kjempe aktivt imot den. Det er eit val eg må ta om og om igjen. Det er eit val som er tungt, og eit eg ikkje burde trenge å ta.

Når dei få enkeltpersonane med mykje makt fråskriv seg det enorme ansvaret dei har, er det lett å bli motlaus. Då er det oppløftande at mange enkeltpersonar faktisk tek ansvar og gjer det dei kan.

Kvar stemme, kvar handling, kvart val og kvart menneske tel.

Eg er ei 16 år gamal skulejente. I ein krisesituasjon som denne er eg viktig. Kvar stemme, kvar handling, kvart val og kvart menneske tel. Ikkje om 11 år. Vi er viktige no.

Det er no, eller helst i går, at alle må handle. Særleg dei med mykje makt. Vi må gjere det vi kan. I solidaritet, for klimarettferd og for vår felles framtid.

Kva er alternativet?

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Les også: Greta Thunberg tar eit friår for å prioritere klimainnsats