Klimakur 2030: – Vi må leve annleis framover

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiarane i Natur og Ungdom, Changemakers og Spire uttalte seg tidlegare denne veka om kva forventningar og håp dei hadde til rapporten Klimakur 2030.

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom, sa den gong at den førre rapporten, Klimakur 2020, hadde vore for lite ambisiøs. Trass det hadde ikkje regjeringa klart å gjennomføre målsetjingane på dei ti åra dei hadde.

Godt utganspunkt, men framleis manglar

Fredag vart den nye rapporten Klimakur 2030 lagt fram. Hugstmyr Woie er meir optimistisk til denne.

– At utsleppskutt må komme raskt er eit veldig tydelig bodskap i Klimakur 2030. Kutt vi gjer i år har større klimaeffekt enn kutt om fem år. Vi må sette realistiske mål som monar raskt, og ikkje lage oss ei kvilepute av teknologiske løysningar som kan utviklast i framtida, seier ho i ei pressemelding.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Hege Skarrud, leiaren i Spire, er positiv til at rapporten har lagt opp til eit større kutt i utsleppa enn kva mandatet til rapporten gav. Ho trekk også fram karbonbinding som gode tiltak i rapporten.

– I tillegg blir karbonbinding i jord lagt fram som eit viktig tiltak med mykje potensial. Det er eit område som har fleire positive ringverknadar – ivaretaking av matsikkerheit, kulturarv, kulturlandskap, biologisk mangfald og auka klimatilpasning, skriv ho på e-post til Framtida.no.

60 tiltak for klimakutt

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Sveinung Rotevatn (V). Foto: Venstre/Flickr/CC BY-SA 2.0

– Klimakur er ikkje oppskrift for kva vi bør gjere, men eit faggrunnlag for kva vi kan gjere. Det einaste vi må gjere er å nå klimamåla våre, sa Sveinung Rotevatn (V), den nye klima- og miljøministeren, då han presenterte rapporten.

Rotevatn fortalte at regjeringa i løpet av året kjem til å leggje fram ein plan for korleis klimamåla skal verte nådde, etter at Klimakur har vore på ei brei høyring.

60 utgreiinger til tiltak ligg føreslått i rapporten, der Noreg kan kutte til saman 40 millionar tonn frå ikkje-kvotepliktig sektor.

Klimakur 2030 har føreslått tiltak for alle ikkje-kvotepliktige utslepp. Figur: Klimakur 2030

Dei tre sektorane der dei største kutta er føreslått, er innan transport, sjøfart, havbruk og fiske og jordbruk.

Dette føreslår rapporten:

  • Vegtransport: Elektrifisering av køyretøy, og persontrafikk over på sykkel, kollektiv og gange i dei største byane.
  • Sjøfart, fiske og havbruk: Ny teknologi og utvikling av nullutsleppsfartøy.
  • Jordbruk: Kosthaldsendring og mindre matsvinn. Dette forutset at forbrukarane endrar matvanar, og jordbruket tilpassar produksjon etter etterspurnad. Det vil seie mindre raudt kjøt og auka produksjon av matkorn, frukt, bær og grønt der forholda er eigna.

Med til saman 24,4 millionar tonn i potensielle kutt utgjer dei tre sektorane over halvparten av forslaga til utsleppsreduksjon.

Hugstmyr Woie meinar det må gjerast viktige prioriteringar i oppfølginga av rapporten:

– Vi forventar at dei opprettheld norsk matproduksjon og fiskeindustri, for vi må utnytte ressursane vi har i ei tid der klimaendringar truar matsikkerheita. På samferdsel bør dei derimot tenke motsett. Vi treng at dei kuttar i mengda bilar, bilreiser og flyreiser, ikkje berre elektrifiserer og utviklar biodrivstoff.

Figur: Klimakur 2030.

– Vi må leve annleis

Både Hugstmyr Woie og Skarrud kritiserer at regjeringa for å ikkje fokusere på samfunnsendringar for å redusere klimagassutslepp.

Hugstmyr Woie skriv at klimakutta har vore utsette for lenge til at vi kan ha ei omstilling som ikkje blir merka på økonomien og hos folk.

– Vi må leve annleis framover. Folk i Noreg veit vi har blant dei høgaste utsleppa per person. Spørsmålet er om regjeringa vil vere ærleg på det og innføre tilstrekkelege tiltak, eller om dei vil dytte ansvaret over på enkeltpersonar sitt dårlige samvit.

Leiar i Spire, Hege Skarrud. Foto: Spire

Hege Skarrud i Spire meinar det ikkje er mogleg å oppnå berekraft ved å kutte klimagassutslepp utan å også kutte i forbruket.

– I dag bruker vi 100 milliarder tonn materiale i året, dette aukar kvart einaste år. Vi kan ikkje oppnå berekraft gjennom å kutte klimagassutslepp utan å kutte forbruket.

Spire-leiaren understreker at alle må bidra, men spesielt staten gjennom regulering. Ho reagerer difor på at regjeringa seier tiltaka ikkje må gå på akkord med den økonomiske auken i landet:

– Det er eit hån mot oss unge når vi endå ikkje har klart, eller vil klare, å få til grønn vekst som er tilfredsstillande i korkje skala eller over tid. Heller ikkje flyttar kostnadar over på andre område, som forureining.

Ho skriv at regjeringa viser ei lita forståing av staten sitt ansvar for å bevare velferdsstaten når det blir lagt vekt på teknologi og grøn vekst for å sikre velferda.

– Økonomien skal vere eit hjelpemiddel, ikkje utgangspunktet. Vi har vel forstått for lengst at trickle-down economics ikke fungerer? Eller skal vi ta opp lønna til Eldar Sætre på 13 millioner året til diskusjon ein gong til? skriv ho og visar til konsernsjefen i Equinor.

Les også: Noreg doblar klimafinansieringa

Collage av framtida. Bakgrunnsfoto: Michael Longmire/Unsplash. Foto av Ulstein: Sturlason/regjeringa

Fakta om Klimakur 2030

  • For å avgrense den globale temperaturstigninga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utslepp av klimagassar gjennomførast før 2030.
  • I Klimakur 2030-oppdraget har regjeringa bede Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat og Enova utgreie kva tiltak som kan kutte Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp 50 prosent innan 2030, samt å vurdere mogelege politiske verkemiddel for å få på plass tiltaka.
  • I juni skal Statistisk sentralbyrå (SSB) levere ein makroøkonomisk analyse av dei samla kostnadane ved 50 prosent utsleppskutt.
  • Klimakur 2030 skal no ut på høyring.

Kjelde: Miljødirektoratet