Fire av ti 13–18-åringar har sett valdeleg eller skremmande innhald på nett
Fleire enn fire av ti unge mellom 13 og 18 år har det siste året sett skremmande eller valdeleg innhald eller diskusjonar på nett, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rundt 3.400 barn og unge i alderen 9–18 år er spurde i undersøkinga frå Medietilsynet.
Blant dei som er i alderen 13–18 år, svarer 43 prosent at dei har sett skremmande eller valdeleg innhald, til dømes av menneske som skadar andre menneske eller dyr.
Like mange har sett hatmeldingar.
Fleire jenter
– Barn og unge ser dagleg hundrevis av innlegg, nyheitssaker og kommentarar i ulike digitale kanalar. Undersøkinga viser at mange blir eksponerte for innhald som kan vere skadeleg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
Tala viser at det er fleire jenter enn gutar som seier dei har sett skremmande eller valdeleg innhald.
Ungdommane har òg vorte spurde om dei har sett innhald som viser måtar å vere svært tynn på, i digitale kanalar.
– Blant jentene i alderen 13–18 år har så mange som halvparten sett denne typen innhald eller diskusjonar. Det er alarmerande, seier Velsand.
- Les også meiningsinnlegget: «På tide å logge av mobilen – og heller logge på livet?», spør Aurora Lodden (16).
Sjølvskading
Totalt, når ein òg tar med gutane, seier 34 prosent at dei har sett slikt innhald på nett.
30 prosent fortel at dei har sett innhald eller diskusjonar som viser måtar å skade seg sjølv fysisk på.
Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research Noreg på oppdrag frå Medietilsynet. Barn og unge på 51 skular over heile landet har deltatt.
Medietilsynet mener det er på tide med en nasjonal strategi på området barn og medium, og at sosiale medium-aktørane må ta meir ansvar.
Les også: Vil avgrensa tidsbruken din på sosiale medium: – Det hadde vore heilt krise!