Organisasjonen "No hate" jobbar mot netthat. No introduserer dei Nettravnar som skal sørgje for at nettet er ein trygg stad for unge.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samarbeid med Ullevål skole og Kripos jobbar organisasjonen No hate med å utvikla ei Nettravn-ordning landet over.

– Me håpar Nettravnene blir ein naturleg del av den digitale oppveksten til barn og unge. Det bør vera like naturleg at det er vaksne tilstades i barna sin digitale kvardag, som det er at dei er tilstades i den fysiske kvardagen, skriv dei på sine Facebook-sider.

Organisasjonen jobbar mot netthat og vart starta i i slutten av 2018.

40.000 barn og unge utsett for netthat

28 prosent av barn og unge mellom ni og 18 år har opplevd at nokon har vore kjipe eller mobba dei på internett, spel eller mobil. Åtte prosen har vore utsett for dette på vekentleg eller månadler, ifølgje Medietilsynet sine undersøkingar (Barn og Medier: 2018).

Ein av tre seier at netthets gjer at dei ikkje vil dela meiningane sine på nett, og ifølgje organisasjonen No hate vert om lag 40.000 barn og unge utsett for netthat og mobbing i Noreg.

No vil dei altså organisera frivillge vaksne i Nettravn-grupper som skal ta del i diskusjonar i sine digitale nærmiljø, og gjera internett til ein tryggare stad å vera for barn og unge, skriv dei på sine nettsider.

Vegrar du deg for å delta i offentleg debatt på grunn av netthets?

Vegrar du deg for å delta i offentleg debatt på grunn av netthets?

Ja3
Nei12
Veit ikkje5
Svar totalt: 20

Netteravnar skal gjera nettet tryggare

Inspirert av Natteravnane som går i gatene for å gjera det tryggare for unge, ynskjer organisasjonen å overføra det same til internett: Vaksne som held eit auga med «gatene».

Ei nettravn-ordning skal organisera frivillige vaksne i Nettravn-grupper for å gjera internett til ein tryggare stad å vera for barn og unge.

Når barna startar med Snapchat, skal det til dømes vera ein vaksenperson med i ei klassegruppe på Snapchat.

Ordninga vert utvikla i samarbeid med skuleverket og Kripos. Målet er at prøveskulane i 2019, vil forplikta seg til å innføra tiltaket i 2020.

I stadenfor å gå langs gatene som Natteravnane, kan Nettravnane vera aktive på nett frå mobilen eller PC-en heime.

Les også: Ungdomspolitikarar, stortingspresidenten og LNU lanserer #siifra for å betra debattkulturen.

Tre konkrete hjelpetiltak

Tidlegare i år gjekk den fyrste «Rusken på nett-aksjon» av stabelen. Dette var også organisert av No hate, som prøver å laga konkrete verkty for å kjempa mot netthat og mobbing på nett.

I tillegg til Nettravnene har dei også to andre hjelpeverkty:

Dei har laga eit netthatfilter, som gir beskjed til den som skriv meldingar om at teksten kan oppfattast støtande. Ein sjanse til å tenka seg om ein ekstra gong, før ein publiserer. Kven som helst kan installere dette, på sine sider og bloggar Martine Halvorsen har mellom anna innført det.

Dei har også laga ein Netthatguide, som viser korleis den som vert ramma kan gå fram og få hjelp.

Les også: Mani Hussaini om netthets: – Ein må tørra å ta debatten, også når det er ubehageleg

Mani Hussaini har opplevd netthets på kroppen og meiner løysinga er å ta til motmæle og å tella til ti. Her på Arendalsuka. Foto: Ingvild Eide Leirfall