«På tide å logge av mobilen – og heller logge på livet?»

Aurora Lodden
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Samfunnet vårt i dag dreier seg mykje om tid. Alt skjer etter faste klokkeslett.

Bussen går 06.48, skulen startar 07.55, ein er heime igjen 16.37, og 22.00 må ein leggje seg for ein skal opp tidleg neste morgon.

I løpet av eit døgn skal ein vere sju timar på skulen, helst sove åtte timar, kanskje bruke heile to timar på buss til og frå skulen, trene, gjere lekser, vere med venner og gå på fritidsaktivitetar.

I tillegg til dette bruker ungdom i dag i gjennomsnitt fire timar på mobilen, der det handlar om snapstreak, filter og mengda likes på Instagram. Kvar inni denne kabalen av gjeremål, forventningar og klokkeslett skal ein få tid til å berre slappe av og vere seg sjølv?

Svaret er eigentleg ganske enkelt: det handlar om å gi tid. Tida di er faktisk ein av dei finaste gåvene ein kan gi. Både til seg sjølv og andre. Når du gir av tida di viser du at du bryr deg så mykje om denne personen at det er plass til dei i ein elles full og travel kvardag. Det enklaste ein kan ofre for å få denne ekstra tida er mobilen.

Tida di er faktisk ein av dei finaste gåvene ein kan gi.

«Hallo!» seier du då.

«Heile livet vårt føregår jo der!»

Eg er einig. Ein stor del av liva våre føregår på sosiale media, men det gjer ofte meir vondt enn godt.

Når vi sit så mange timar på sosiale media kvar dag blir vi påverka av trendar. Vi ser kva kroppar, klede og ting som gir mest likes, og prøver å leve opp til dette. Problemet er berre at det ofte ikkje er ekte. Bileta av dei solbrune modellane med syltynne kroppar er retusjerte og fulle av filter. Sosiale media skaper då normer og forventningar som ikkje går an å leve opp til.

Fokuset blir så stort at livet du lever på nett blir viktigare enn det verkelege. Det er slitsamt i lengda, og går ut over den psykiske helsa til mange unge.

livet du lever på nett blir viktigare enn det verkelege.

Det er på grunn av dette at vi etter mi meining treng å bli meir bevisste på mobilbruken vår og gi meir tid og merksemd til verda rundt oss.

Ved å logge av sosiale media og heller bruke tid på seg sjølv og andre viser ein at det speler ingen rolle om ein fekk 10 eller 100 likes på det førre bildet. Ein treng ikkje sjå ut som retusjerte bikinimodellar og ha dyre merkeklede.

Det som betyr noko er korleis ein behandlar seg sjølv og dei rundt seg. Vi treng ikkje vere perfekte. Vi treng ikkje leve opp til alle forventningane som finst i dagens samfunn. Det viktigaste er at vi gjer noko som gir oss glede. Du er deg, og det er meir enn godt nok!

Så kva seier dykk? På tide å logge av mobilen og heller logge på livet?