Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera snapstreaks ulovleg

– Det hadde vore heilt krise! Særleg på Instagram. Hadde eg blitt kasta ut av appen etter 30 minutt, hadde eg døydd, seier Stine Indreeide Kvalsvik (17) frå Fosnavåg. 

Framtida.no møter ho bøydd over mobilen i Slottsparken saman med veninna Sonia Alisha Remøy (17).

F.v. Stine Indreeide Kvalsvik og Sonia Alisha Remøy (17). Foto: Ingvild Eide Leirfall

Lovforslag i USA

Reglane dei snakkar om vart tysdag 30. juli lagt fram i eit lovforslag av den republikanske senatoren Josh Hawley (39) i USA.

Lovforslaget heiter Social Media Addiction Reduction Technology (SMART) Act, og målet er å forby avhengigheitsskapande funksjonar i sosiale medium.

Dersom lovforslaget går igjennom, vil det bli ulovleg for sosiale medium i USA å bruka desse funksjonane:

Evig scrolling

    • Facebook, Twitter, Instagram og andre sosiale medium har hatt denne funksjonen lenge. Uansett kor lenge du scrollar nedover, vert det fylt på med nytt innhald. På desse plattformane er det også funksjonar som gjer at innhald vert erstatta med nytt innhald, med ein gong det originale innhaldet er vekke – som til dømes på Instastories. 

Manglande naturlege stopp-punkt

    • Lovforslaget tek også til ordet for fleire naturlege “stopp” i programvaredesignet, slik at det vert lettare for brukaren å ta ein pause.

Autoplay på video og musikk

    • Videoar eller musikk som startar av seg sjølv, utan at du har bede om det. Dette gjeld mellom anna på Youtube, Facebook, Instagram og Twitter. Dette vil ikkje gjelde spelelister ein har sett på.

Premiar/påskjønningar

    • Her vil mellom anna Snapstreak bli rørt av ei eventuell lovendring. At ein får poeng og symbol som premie for å bruka appen meir, kan virka avhengighetsskapande i følge lova.

Uavgrensa tidsbruk

    • I lovforslaget står det at grensa skal vera 30 minutt på alle plattformar, på alle duppedingsar per dag. Etter det blir ein kasta ut. Brukaren kan auke grensa gjennom instillingane på dei ulike platformane, men den skal tilbakestillast til 30 minutt på byrjinga av kvar månad. Det skal også poppe opp påminningar om kor mykje tid ein har brukt på dei ulike plattformane.

Bra å fjerna likes

For mange unge er snapstreak nærast blitt ein del av identiteten. Men dei to jentene er ikkje så opptekne av det. 

– Eg har ikkje noko høge streak-tal, men snappar når eg vil, fortel Remøy. 

Begge tykkjer lova virkar litt vel streng, men ser poenget med småendringar på dei ulike sosiale mediuma. Særleg evig scroll og autopåfyll av nytt innhald, trur dei kunne vore bra. 

– Ein kunne også ha fjerna likes på Instagram til dømes, seier Kvalsvik og fortel at mange blir for opptekne av likes.

– Dersom dei ikkje får 200 liker i løpet av så og så lang tid, slettar dei biletet.

Sonia Alisha Remøy og veninna Stine Indreeide Kvalsvik (17) sjekkar ut skjermtida på telefonane. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Enklare å legga vekk mobilen med vener

På iPhone er det no lagt inn ein funksjon kalla «skjermtid» der det vert registrert kor mykje tid ein brukar på mobilen kvar dag – og kva appar som er mest brukt. Begge har eit gjennomsnitt på fire timar til dagen, og det er Snapchat og Instagram som er dei største tidstjuvane. 

– Er de overraska over talet?

Eg synest det var ganske masse, men også litt som forventa, seier Remøy. 

– Føler de dykk avhengige av sosiale medium?

– Ja, eg føler meg eigentleg litt avhengig, seier Kvalsvik.

– Eg føler meg ikkje avhengig, men når det går lang tid vil eg jo sjekka. Eg var på ein tre-vekers ferie utan internett i sommar, og det var ganske tøft. Men etterkvart byrja eg å lesa bok i staden, og det var jo overaskande, smiler Remøy.

Kvalsvik fortel at ho snart skal på klassetur i fire dagar – utan internett. 

– Men eg trur det blir enklare når me er saman heile klassen. 

– Ja, det er lettare å ikkje vera på sosiale medium når du er saman med vener, samtykkar Remøy. 

Avhengigheit som business-modell

Josh Hawley. Foto: U.S. Senate Photographic Studio, Rebecca Hammel

Senator Hawley er den yngste senatoren i Kongressen, og har tidlegare vore ute og uttrykt sterk misnøye med sosiale medium som dei er idag. Han omtala sosiale medium som «parasittar på produktivitet, meiningsfulle forhold og eit sunt samfunn». I tillegg har han kome med fleire lovforslag på data tracking, personvern på nett for barn og inntektsgenerering

Då han la fram det nye lovforslaget sa han at tech-selskapa sin business-modell har blitt avhengighet.

– For mykje av «innovasjonen» på feltet, blir ikkje gjort for å gi betra produkt, men for å halda på meir merksemd frå brukaren gjennom bruk av psykologiske triks som gjer det vanskelegare å sjå bort, sa han.

Han meiner lovforslaget vil endra denne trenden, og heller oppmuntra til «ekte innovasjon».

Det er ikkje mange dagane sidan, men forslaget har rukke å skapa mykje merksemd. Nokre meiner det er bra at senatoren tek grep for å motvirka skadelege sider ved sosiale medium, men fleire ser ut til å meina at lovforslaget er heilt feilslått.

Vil truleg finna nye måtar

Melanie Magin er forskar og førsteemanuensis ved NTNU. Foto: Christof Mattes

Melanie Magin er førsteemansuensis ved Institutt for sosiologi og statsvitskap på NTNU. Ho har mellom anna forska på korleis sosiale medium påverkar samfunnet. 

– Trur du det vil fungera som tenkt? Vil ein bli mindre avhengig av desse plattformane dersom ein fjernar desse funksjonane?

– Det er vanskeleg å sei generelt, men funksjonane lova listar opp gjer det definitivt vanskeleg for brukarar å slutta å bruka appane. Når meir og meir innhald dukkar opp, forsterkar det kjensla av at du saknar noko når du loggar ut eller legg vekk telefonen. Som eit resultat av dette brukar ein appane mykje lengre enn ein normalt ville gjort. Det er også det internettbedriftene ynskjer: dess lengre me brukar appane, dess meir data kan dei samla på oss. Desse dataa brukar dei på målretta annonsering, som er måten dei tener pengar på. 

– Slike funksjonar kan naturlegvis bidra til avhengigheit blant nokre brukarar, men avhengigheit oppstår ikkje berre fordi desse funksjonane finst, men også på bakgrunn av visse personlegdomstrekk. 

– Kva synest du om lovforslaget?

– Eg meiner idéen prinsipielt er fornuftig, men eg er litt i tvil om det verkeleg kan iverksetjast. Sjølv om internettbedriftene blir tvungne til å fjerne og legge til desse funksjonane, vil dei truleg finna nye måtar å gjera det same på. 

Kva med Noreg?

Lova er foreløpig eit lovforslag, og det i USA. Ikkje Noreg. Men dersom lova skulle gå gjennom over dammen, trur ho at store, internasjonale aktørar som Facebook, Twitter, Youtube og liknande vil trå litt meir forsiktig med å tillata dei ulovlege funksjonane, i andre land. 

– Lokale lover frå USA gjeld ikkje i andre land, og det kan godt hende at alt blir som det er i dag i Noreg, sjølv om lova skulle gå igjennom i USA. Dersom lova blir ein realitet er det likevel mogleg at internettbedriftene frivilleg implementerer regelverket i andre land for å forhindra liknande lover og dimed gi seg sjølv meir spelerom. 

LES OGSÅ: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det