logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Styrking av praktiske fag er blant dei foreslåtte endringane i valfag på ungdomstrinnet. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner har tru på at valfaga programmering og praktisk handtverk no blir permanente tilbod. Arkivfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Regjeringa med den største endringa i skulen sidan 2006

Elevar i både grunnskulen og vidaregåande får nye læreplanar frå hausten 2020. Der er det mellom anna fokus på valfag og praktiske fag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 21.01.2020 10:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16 nye læreplanar i valfag på ungdomstrinnet er sende på høyring, og blant endringane er styrking av praktiske fag. Det er ein del av utarbeidinga av nye læreplanar som skal vere på plass til hausten.

Regjeringa ønsker å styrke den praktiske og utforskande dimensjonen i skolen, og det skal prege dei nye læreplanane for valfag, skriv regjeringa i ei pressemelding.

  • Les også: Regjeringa foreslår eksamen i gym for ungdomsskuleelevar

Blir permanent

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner. Foto: Marte Garmann, Regjeringen

Fram til no har læreplanane i valfaga programmering og praktisk handtverk vore forsøksplanar, men no blir dei permanente valfag.

– Dei nye valfaga vil gi elevane moglegheit til å prøve ut sider ved programmering og ulike handverksfag. Eg meiner det kan bidra til å auke interessa for digitalisering og yrkesfag. Fleire av valfaga kan blant anna gjere elevane betre rusta til å velje utdanningsprogram på vidaregåande, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Her kan du lesa høyringsnotata. Høyringsfristen er 14. april.

  • Les også: Elevar skal trene på demokrati i matematikk, gym, musikk og naturfag

Friluftsliv og båtførarprøve

I høyringa foreslår departementet å endre namn på fleire av valfaga, og oppdatere det faglege innhaldet.

Det blir foreslått at valfaget «Natur, miljø og friluftsliv» får namnet «Friluftsliv» og skal legge større vekt på praktisk friluftsliv og å vere i naturen.

I faget skal det til dømes bli lagt til rette for at elevane skal kunne gjennomføre båtførarprøven der forholda ligg til rette for det.

  • Les også: Båtførarprøven blir valfag på ungdomsskulen

Scenisk produksjon

Valfaget som no heiter «Sal og scene» blir foreslått å byte namn til «Produksjon for scene».

Det kan tydeleggjere at faget skal gi elevane erfaring med alle delane i ein scenisk produksjon, frå planlegging til ferdig produkt, og dei skal få forståing for at alle delane er like viktige.

Med fagfornyinga skal elevar i både grunnskolen og vidaregåande skole få nye læreplanar frå hausten 2020.

Fornyinga er den største endringa i norsk skole sidan Kunnskapsløftet i 2006, ifølgje regjeringa.

  • Les også: MEINING: – Å satse på yrkesfag er å satse på framtida.
    Det er ingen tvil om at yrkesfag treng meir praksis og mindre teori, skriv Ina Martine Brendø (17) frå Sogn og Fjordane Unge Høgre.

    Ina Martine Brendø er 1. fylkesnestleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

  • SKULE OG JOBB
  • Barneskule
  • Læreplan
  • Skule
  • Utdanning
  • valfag
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Frp vil kutte «unødvendige» studieplassar: – Må utdanne folk til det vi treng

Elevleiar kritisk til Frp-utspel om skulen: – Ein meir autoritær skule er noko me slett ikkje treng

Ap sikrar fleirtal på Stortinget for å prisjustera studiestøtta: – Historisk

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT