Elevar skal trene på demokrati i matematikk, gym, musikk og naturfag
Norske elevar skal øve på demokrati i endå fleire fag når alle faga i skulen blir fornya neste haust.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) varslar at øving på demokrati og medborgarskap skal styrkast ytterlegare når faga skal fornyast til neste år.
– I 2019 er det ganske openbert at kampen for det opne liberale demokratiet ikkje er vunne ein gong for alle. Elevane skal lære at dei ikkje kan ta demokratiet for gitt, og at det må takast vare på og bli halde ved like, seier Sanner.
Demokrati, kunst og handverk
Då tidlegare leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage, tok over vervet i fjor understreka ho at det i arbeidet med dei nye læreplanane «er dritviktig at demokrati og medborgerskap får god plass».
Demokrati og medborgarskap er allereie varsla inn som eit tverrfagleg tema i mellom anna norsk, engelsk, samfunnsfag, kunst og handverk og KRLE.
No skal det òg syast inn i undervisninga i både matematikk, naturfag, kroppsøving og musikk, varsla Sanner under eit frukostmøte om fagfornyinga tysdag.
Kunnskapsministeren meiner elvane treng meir demokratiforståing i dagens samfunn.
– Vi opplever i dag ein meir polarisert debatt. Det er mykje hets og hat på nettet som skremmer bort både nye og unge stemmer. Vi har ei rivande medieutvikling, og vi går frå lærebok til digitale læringsressursar. Det gjer at elevane må kunne stelle seg kritisk til det dei les på nett, seier Sanner til NTB.
Statistikk og ballspel
I dei nye kompetansemåla heiter det mellom anna at demokratiundervisning i matematikkfaget kan dreie seg om å tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå ulike kjelder.
– Skal du avsløre triksing med statistikk i media, så må du kunne rekne, seier Sanner.
I musikk kan demokratiforståing handle om å reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av individ og identiteten i grupper. I kroppsøving om å forstå og praktisere reglar for aktivitetar og spel og respektere resultata.
– Vi gjer tydeleg kva for delar av dei ulike faga som kan bidra til å styrke både demokratiet og aktivt medborgarskap, seier Sanner.
Jenter kan mest
Forsking viser at norske elevar samla har ei gjennomgåande god demokratiforståing. Samtidig er det vedvarande forskjellar mellom grupper av elevar. Elevar med foreldre med låg utdanning og elevar med minoritetsbakgrunn har mindre kunnskap enn andre elevar. Jenter har òg ei høgare demokratiforståing enn gutar.
Den internasjonale undersøkinga ICCs viser likevel at forskjellane har vorte reduserte mellom norske elevar med ulik sosioøkonomisk bakgrunn og for elevar med minoritetsbakgrunn i perioden 2009–2016. Forskjellane mellom gutar og jenter har derimot auka.
Nye læreplanar til veka
Demokrati og medborgarskap er saman med berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring tverrfaglege tema som blir innført i mange fag når fagfornyinga blir innført til hausten.
Reforma inneber å fornye alle faga i skulen. Eit viktig fokus har vore å «slanke» læreplanane, som mange meiner har vore for omfangsrike og uprioriterte.
Dei splitter nye læreplanane blir lagde fram 18. november. Målet er at elevane skal få meir tid til faglege forståing og fordjuping. Fleire fag skal òg bli meir praktiske og utforskande.
– Dei nye læreplanane skal gi elevane eit betre grunnlag for å reflektere, vere kritiske, skapande, utforskande og kreative, seier Sanner.
Les også: Rekordmange unge stiller til val i kommunevalet: – Bra for demokratiet!