Båtførarprøven blir valfag på ungdomsskulen

Snart kan elevar på ungdomstrinnet ta båtførarbevis i skuletida. Prøven skal bli ein del av valfaget natur, miljø og friluftsliv.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å kunne ferdast i båt langs kysten og på innsjøar er ein viktig del av friluftslivet vårt. Ved å ta dette inn som valgfag vil fleire få kunnskap og evner som gjer båtlivet tryggare for ein sjølv og andre, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Båtførarprøven er obligatorisk for alle personar fødde etter 1. januar 1980 som skal føre fritidsbåt med lengde over åtte meter, eller fritidsbåt med ein motor på meir enn 25 hestekrefter.

For å kunne ta båtførarprøven må ein ha kunnskap og evner innanfor tema som sjømannskap og sjømerke, reglar til sjøs, navigasjon, kartlesing og nødssituasjonar til sjøs, ifølgje departementet.

Les også om Håvard, som byrja å restaurera båtar som 11-åring:

SJARKEN: Den gamle Nordlandssjarken har fått namnet «Sabben», på grunn av motoren, som nettopp er ein Saab diesel. Håvard Børtveit har jobba med å pussa opp båten i heile sommar. Foto: Ingvild Siglen Berger