Politiet i Storbritannia har no trekt tilbake lista der dei sette opp Extinction Rebellion i lag med nynazistar og islamistisk ekstremisme.
mm

Extinction Rebellion (XR) er ei klimaaktivistgruppe som brukar sivil ulydnad for å demonstrera og få fram sin bodskap: protestera mot klimasamanbrot, tap av artsmangfald og økologisk kollaps. Gruppa vart starta våren 2018 i Storbritannia, og har no grupper over heile verda, også i Noreg.

På ekstremist-liste frå antiterrorpoliti

Denne veka meldte The Guardian at gruppa er blitt sett på ei ekstremistliste av antiterrorpolitiet i Storbritannia.

På ei heilside står det kjenneteikn ved gruppa og kvifor ho kan vera farleg.

«Anti-establissementfilosofi som søker systemendringar, er underliggande i aktivistmen; gruppa tiltrekker seg barn i skulealder og vaksne som truleg ikkje er klar over dette, til sine aksjonar. Sjølv om ho er ikkje-valdeleg mot personar, oppmodar gruppa til andre aktiviteter som bryt lova (sivil ulydnad).»

Det er også lagt til:

«Sjølv om det å vera uroa for klimaendringane i seg sjølv ikkje er ektremt, kan aktivistar oppmuntra folk til å gjera valdelege handlingar, eller gjera slike handlingar sjølv.»

Dokumentetet er meint som ei hjelpeliste til folk som ofte er i kontakt med unge menneske, med mål om å gjera det lettare å identifisera dei som er lettpåvirkelege og i risiko for å vera sårbare for ekstrimistiske eller valdelege ideologiar.

Om folk meiner dei er utsett, vert ein oppmoda til å melda vedkomande til styresmaktene sitt antiradikaliserings-program, Prevent.

I dokumentet er også fleire nynazistiske og rasistiske organisasjonar ramsa opp, som til dømes National Action som mellom anna spår «rase-krig» og forsvarar rasistisk motivert vald og drap. I tillegg er ekstrem satanisme med fleire nazistiske trekk,og Al Muhajiroun (ei islamistisk ekstremistgruppe) som hyllar 11. september-åtaket i New York og har band til internasjonal terrorisme.

Til slutt i dokumentet med organisasjonar og risikofaktorane er «internett-bruk», «ekstrimistisk dyrevern» og Extinction Rebellion. Lista vart delt ut i november 2019.

Har trekt dokumentet tilbake

Etter at dokumentet vart kjend, har politiet jobba for å trekke tilbake dokumentet.

Kath Barnes, leiar i politiavdelinga som sendte ut dokumentet til avdelingar i Sør-England, gjer det tydeleg ovanfor The Guardian at dei ikkje meiner XR er ein ekstremistisk organisasjon, og at dei ikkje burde vore med i dokumentet.

– Politibetentar er trent på å sjå kven som kan vera sårbare, og medlemskap i ein organisasjon som vernar om miljøet eller dyrevelferd åleine, er ikkje ein trigger.

I England har det blitt sterke reaksjonar etter dokumentet kom ut, og XR vurderer no å saksøka politiet for å få ei offisiell orsaking.

Ein talsperson for XR i Storbritannia seier til The Guardian at dei nesten lurer på om det var eit medvite val for å stilna dei.

– Ville det ikkje vore fint om dei fokuserte på dei ekte ekstremistane: fossil energi-selskapa og dei som støttar dei?

Tidlegare har også gruppa vunne ein rettssak mot politiet, etter dei la ned forbod mot protestar.

– Terroristen er dei som lukkar augo

Nyhenda har også nådd Noreg og XR sine norske medlem, men ikkje alle er overraska. Stein Leikanger er XR-medlem og har tidlegare jobba innanfor kommunikasjonsbransjen.

– Eg har åtvara både i Noreg og internasjonalt om å førebu oss på veldig mykje gjennomtenkt motkommunikasjon mot oss som skal avleia merksemda til folk. Eg hadde gjort akkurat det same om eg skulle gjera kommunikasjonsarbeid for dei som står på motsett side i debatten.

Han syntest likevel det var rart å sjå organisasjonen lista opp saman med ekstremistiske grupper.

– Berre det å koma saman og stilla krav, heilt fredeleg, skal overvåkast og bli sett på som ei terrorkraft. Å bli definert som oppviglarar og ei motkraft er ein ting, men terrorist? Nei. XR er eksplisitt ikkje-valdeleg, korleis kan det vera terrorisme?

Han fortel at dei også gjennomgår trening på korleis dei skal unngå eskalering og unngå vald under aksjonane. 

– Den eigentlege terroristen i denne samanhengen er dei som lukkar augo for kor kloden sin livsbetingelse er på veg, og likevel vil halda fram som før. Og nokon av dei sit i landets regjering, seier han.

Ventar spissare debatt i Noreg

I dokumentet står det mellom anna at unge og lettpåverkelege vert dregne mot organisasjonen.

– Dagens unge er ekstremt velopplyste og innsiktsfulle. Dei kan tenka sjølv. Det at dei er bekymra for framtida si, kan ein ikkje ha anna enn respekt for. Eg aksepterer ikkje den anklagen, seier Leikanger.

Han forventar at tonen i Noreg også kjem til å bli spissare.

– Me har ein økonomi som er veldig avhengig av olja, samstundes som me har ein klima- og økologisk situasjon som blir øydelagt av fossil-industrien. Den dissonansen kjem til å få mange rare utslag.

Han seier at både den norske regjeringa og «toryane» i Storbritannia er langt frå å erkjenna kor alvorleg situasjonen er.

– Dei skal jo kommunisera at dei er best til å styra, men for å visa at dei har teke innover seg realitetane måtte dei innrømt at dei har feila så langt. 

Frå blokkeringa av inngangen til Stortinget 21. juni 2019. XR kravde at Stortinget skulle erklæra klima- og økologisk krise. Stein Leikanger til venstre. Foto: Elisabeth Tollisen

Har ikkje noko val

Han forstår at det kan virka litt ekstremt å vera villig til å gjera sivil ulydnad og bli arrestert for saka.

– Men om ein først har sett seg inn i forskinga, føler medansvar for andre menneske og ser kor me er på veg: så har ein ikkje noko val. Om det er dette motkreftene føler dei må ty til for å ta deg, så må dei berre gjera det. Fram til samfunnet forstår kor farlig situasjonen me er i er, må me berre akseptera å bli svartmåla, seier Leikanger.

– Har det aldri gått for langt med aksjonane?

– Ikkje i Noreg, men det har vore to aksjonar i Storbritannia som var ganske uheldige.

Han viser til ein aksjon med droner rundt Heathrow-flyplass. Det vart bestemt at det ikkje skulle vera ein XR-aksjon, men då sentrale XR-personar likevel gjennomførte, vart det sett på som ein offisiell XR-aksjon.

Det var djupt ubehageleg, sjølv om det skulle vera trygt for flya, kunne det verka farleg, fortel Leikanger.

Eit anna tilfelle er ein t-bane-aksjon i Canning Town, der tre medlem stansa eit tog. Dette også på trass av at XR-medlem hadde stemt nei til å gjera dette.

– Det vart sett på som eit slag mot folket, eit spark nedover. Ikkje mot styresmaktene som bidreg til krisa. Men når så mange mobiliserer i så mange land, vil det alltid vera noko å setje fingeren på. Motkreftene er alltid på jakt etter det eine døme ein kan ta deg på. 

Kring 20 demonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion blokkerte inngongen til Klima- og miljødepartementet måndag 17. juni.

Politiet følgjer med – også i Noreg

Den unge organisasjonen har likevel eit uttalt mål om å utføra sivil ulydnad for å få fram krava sine. Under Arendalsuka 2019 fekk dei rørsleforbod og vart vist bort fordi ein frykta ordensforstyrringar. 

Aksjonanistane har fleire gonger vore i kontakt med politiet og fått bøter, som dei ikkje har vedteke, difor har desse sakene enda i retten.

Framleis følgjer politiet med, og kontakta dei til dømes i førekant av Sverdrup-opninga for å høyra om det ville bli aksjonar.

– Så dei følgjer jo med på oss, men eg tviler på at me står på noko terrorliste i Noreg. Me har jo ikkje utført noko terror.

F.v. Christian Hansson (49), Georgiana Keable (61) og Vivian Nerli (45) har alle fasta for klima denne veka. Fem dagar når me møter dei. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Oppdatert: måndag 20. januar 2020 08.54
ANNONSE