Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaaktivist John Lynes (91) levde då andre verdskrig braut ut, men seier at klimaendringane skremmer han meir enn Hitler.

Det er People, sundagsmagasinet til The Mirror, som melder dette.

Lynes var 11 år gamal då andre verdskrig braut ut, og opplevde krigen i kvardagen i Storbritannia. Han meiner det er likskapar mellom krigen og kampen mot global oppvarming.

Folk var villige til å gjera offer

– Winston Churchill sa han kunne lova «blod, slit, tårer og sveitte». No seier ikkje politikarane våre dette i det heile tatt. Dei handlar ikkje med same alvor og hastverk, som dei gjorde då det var nødvendig å drive å drepe folk under krigen, seier han til avisa.

Han fortel om korleis folk var villige til å gjera offer, under andre verdskrig.

– Folk aksepterte gladeleg rasjonering, å vera utan privatbilar, å mangle alle moglege ting – særleg importerte varer. Me må gjera endringar på dette nivået. Det me står imøte med er ikkje berre konflikt, men utrydding.

I ein e-post til Framtida.no legg han til:

– Me må reagera på same skala som ein gjorde på 1940-talet. Britar aksepterte frivilleg bensinrasjonering, rasjonering av klede, matrasjonering, ingen utanlandsreiser, ingen ikkje-viktig import osb.

Arrestert fleire gonger

Under ein Extinction Rebellion-protest på hovud-ferjekaien i Dover, England, 21. september, vart Lynes arrestert.

Channel 4 News intervjua 91-åringen og han fortel kvifor han er med på protesten:
– Det er flott at dei unge protesterer, men det er min generasjon som har laga alle problema. Så her er eg.

Nokre sekund seinare vert han arrestert saman med 10 andre protest-deltakarar.

Ifølgje den britiske avisa Metro, har den engasjerte mannen blitt arrestert minst 25 gonger gjennom livet.

Han jobba som fredsbevarar i Kurdistan på slutten av 1980-talet. I 1982 vart han arrestert då han demonstrerte mot Falklandskrigen, då han og kollegaane stod utanfor Forsvardepartementet i England og helte raud maling på trappene.

På 90-talet var han fem dagar i fengsel, etter å fleire gonger ha kutta gjerda på ein amerikansk base. Han fekk eigentleg ein bot på 10 pund (omlag 100 norske kroner), men nekta å betala og vart difor send i fengsel.

Ovanfor ser du video frå då han igjen vart arrestert under ein klimademonstrasjon, 9. oktober. 

Han har også blitt arrestert for å blokkera Downing Street, gata der statsministeren i England bur. Dette var for å protestera mot krigen i Afghanistan. Han ville også vera med i demonstrasjonane mot å invadera Irak, men var då i Palestina og jobba som menneskerettsobservatør.

Mobiliserings-plakatar under andre verdskrig.

– Kva er framtida til tenåringar i dag?

Saman med kona Monica, adopterte Lynes seks barn. Han fortel at han er engasjert i verda han etterlet seg for dei som er unge i dag.

– Eg blir emosjonell når eg tenker på det. Kva er i framtida til tenåringar i dag? Ein kan ikkje vera trygg, seier han til Sunday People.

For eit år sidan vart han med i Extinction Rebellion, og lovar at han vil demonstrera til han døyr.

Han trur løysinga på global oppvarming er folk.

– Folk sine tankar og hjernekraft, på same måte som under verdskrigen. Då var folk oppmoda og forplikta til å spørja seg sjølv: Kva kan eg gjera for krigsinnsatsen? Det er like viktig no.