Aksjonsgruppa Extinction Rebellion brukte ein stor rekvisitt for å ropa varsku om stigande havnivå.
mm

Søndag føremiddag kunne forbipasserande sjå det som såg ut som eit klassisk, britisk forstadshus segle forbi i den travle storbyen London.

Huset var ein del av aksjonen «Our House is Flooding» av aksjonsgruppa Extinction Rebellion.

Trur ikkje på murar som flaumforsvar

Huset var bygd av dei britiske aktivistane, Katey Burak og Rob Higgs, som håpar å setja klima på dagsordenen før det britiske nyvalet 12. desember.

Med prosjektet vil dei visa korleis klimaendringane kjem til å gjere livet vanskelegare for folk, på grunn av stadig meir ekstremvêr og stigande havnivå.

– Me vil setja fokus på at det å byggja høgare og høgare murar som flaumforsvar ikkje vil vera nok for at me skal overleva dette, seier Burak i ein video frå aksjonsgruppa.

Aksjonsgruppa Extinction Rebellion vart stifta i Storbritannia i fjor og knyter til seg folk som er villige til å gå i fengsel for klima. Dei har tidlegare skapt internasjonal merksemd med aksjonar der dei stogga kollektivtransporten i London.

Også i Noreg har gruppa aktive medlemmar og fleire vart arresterte då dei i sommar blokkerte inngangen til Klima- og miljøverndepartementet.

Boris Johnson:  – Me kjem til å sjå meir av det

Aksjonistane peikar på prognosar som viser at fleire tjukt befolka kystområde i Storbritannia står i fare for å verta jamleg overflauma i 2050. Ifølgje Climate Central kan heile 300 millionar menneske verte råka av kystflaumar om 30 år.

Aksjonen kjem samstundes med at nyheita om kraftig regnvêr skapar flaumkaos i England.

Uvêret er verst i regionen Midlands og særleg i områda Derbyshire og Yorkshire.

Dei reagerer på at statsminister Boris Johnson, som nyleg vitja dei flaumråka områda ikkje kallar det ei nasjonal krise.

– Du må sjå realitetane og stader som dette er sårbare for overfløyming. Me kjem til å sjå meir av det, sa den britiske statsministeren ifølgje Sky News.

Johnson uttala vidare at det «ikkje ser ut som noko me treng å eskalera til ei nasjonal krise».

Storbritannias statsminister Boris Johnson tok moppen fatt i ein butikk i Matlock då han vitja dei kriseråka områda fredag 8. november. Ei kvinne har mista livet, men statsministeren vil ikkje kalla det ei nasjonal krise. Foto:
Danny Lawson/PA via AP

Havnivået stig raskare

I september lanserte FNs klimapanel ein spesialrapport om verdas hav.

Rapporten slår fast at havnivået har stige 16 centimeter i løpet av 1900-talet, mykje på grunn av aukande temperaturar og issmelting.

Dei seinare åra har havnivået stige stadig raskare og ifølgje rapporten kjem nivået til å auke med ytterlegare 30-50 centimeter dei neste hundre åra, uansett om me klarar å kutte utsleppa no.

Dersom ikkje drastiske tiltak vert gjort kan havnivået stiga med éin meter innan 2100, ifølgje ekspertane.

Les intervju med Martin (32) og Johanne (23) som er villig til å gå i fengsel for klimasaka!

Foto: Ida Johanne Aadland
Oppdatert: tysdag 12. november 2019 12.37

Kommentarar

ANNONSE