Extinction Rebellion blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet

Ti personar vart pågripne og politimelde då dei nekta å flytta seg frå staden.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I framtida kjem eg kanskje til å sjå tilbake på når denne krisa var – eller når det starta – og då vil eg ikkje vere ein av dei som ikkje gjorde nokon ting, seier Ronja Solbø.

20-åringen var saman med kring 20 demonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion på plass framfor inngangen til Klima- og miljødepartementet måndag 17. juni.

– Eg er her fordi eg vil at regjeringa skal tenkje meir på moral og omsorg, framfor berre økonomi, seier Ronja Solbø (20).

Ti pågripne

Demonstrantane sperra inngangen med plakatar som: «All grunn til panikk».

Då Framtida.no møtte demonstrantane frå Extinction Rebellion utfor Klima- og miljødepartementet klokka 12.30 var politiet på staden.

Politiet var varsla på førehand, men vart kontakta av departementet som ba om hjelp då demonstrasjonen gjekk ut over verksemda deira.

Dei tjue demonstrantene vart bedne om å forlata staden.

«Dei fekk fem minutt på seg. Ti personar etterkom pålegget, dei øvrige gjorde det ikkje. Desse ti blei pågripne og melde,» skriv politiet i ein e-post etter aksjonen.

Les intervju med Martin (32) og Johanne (23) som er villig til å gå i fengsel for klimasaka!

Lei av politisk kjekling

– Me gjer det fordi denne regjeringa ikkje tek klimakrisa alvorleg, seier Stein Leikanger, som er mannen med roperten.

Førre veka var Extinction Rebellion framfor statsministerens kontor og nyleg vitja dei Stortinget for å krevja at Noreg erklærer klima- og miljøkrise.

– Dei seier jo at dei veit det er klimakrise og at det ikkje er naudsynt å erklæra ei. Problemet er at forskarane seier kor me er på veg og at me ligg veldig seint ute. Me driv framleis politisk kjekling om det er naudsynt å gjere ein innsats. Ei slik erklæring vil gjere det lettare å forstå at dette krever tverrpolitisk innsats, meiner Leikanger.

Skottland, Wales og Storbritannia har tidlegare erklært klimakrise. Fleire norske fylkesommunar har òg erklært klimakrise, etter at World Saving Hustle starta ein underskriftskampanje.

Men då Erna Solberg møtte skulestreikarane 24. mai sa statsministeren at:

– Det er ei klimakrise, så me treng ikkje å erklære klimakrise.

– Direktørar i eit oljeselskap

Leikanger reagerer på at Noreg auka utsleppa sine i fjor og kritiserer miljøminister Ola Elvestuen for å ha brote sine valkampløfter.

– I tillegg meiner me at denne regjeringa oppfører seg som direktørar i eit oljeselskap, i staden for ministrar med ansvar for folk sitt liv og helse i framtida, understrekar demonstranten.