Regjeringa vil innføre fritt skuleval i heile landet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig å sikre at alle elevar, uansett kva for eit fylke dei bur i, får større moglegheit til å velje kva for ein vidaregåande skule dei vil gå på, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

LES OGSÅ:  Fritt skuleval er ikkje perfekt, men det fungerer best

To alternativ

No sender Kunnskapsdepartementet på høyring to alternative forslag til fritt skuleval.

Det første alternativet går ut på at fylka skal kunne velje mellom fritt skuleval i heile fylket, eller dele inn fylket i fleire inntaksregionar som gir reelt fritt skuleval. Det andre alternativet er at fritt skuleval i heile fylket skal vere normalordninga. Fylka skal då berre kunne velje inntaksregionar, som likevel sikrar reelt fritt skuleval, så lenge det er grunngitt i store avstandar eller trafikale forhold.

Begge alternativa inneber at fylka ikkje lenger kan praktisere inntak til vidaregåande skule etter eit nærskuleprinsipp slik det i dag er i Østfold, Buskerud, Telemark og Trøndelag.

LES OGSÅ: Elev-leiar: – Ser ikkje gode alternativ til fritt skuleval

Ideologisk tvangstrøye

Martin Henriksen, Arbeiderpartiet. Foto: Stortinget

Forslaget blir godt mottatt av dei borgarlege ungdomspartia, medan Arbeidarpartiet er kritisk.

– Viss Høgre vil overstyre alle folkevalde frå eit kontor i Oslo, kan dei berre legge festtalane om lokaldemokrati i skuffen. Å tvinge alle fylke til same ideologiske tvangstrøye er eit typisk verkelegheitsfjernt Høgre-forslag som viser kor lite dei forstår av Noreg utanfor regjeringskvartalet, seier den utdanningspolitiske talspersonen til partiet Martin Henriksen.

LES OGSÅ:  Ingen er teke frå fridomen, elevane har berre fått fleire rettar

Er du for eller imot fritt skuleval?

Er du for eller imot fritt skuleval?

For28
Mot103
Veit ikkje10
Svar totalt: 141