Equinor lovar utslepp «nær null» innan 2050

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss er ikkje dette politikk. Det er forretning. Men også ein naturleg del av samfunnsansvaret vårt, sa Sætre då han presenterte dei nye ambisjonane.

Equinors plan er at samla utslepp av klimagassar frå felta selskapet driv, og landsanlegg i Noreg skal kuttast med 40 prosent innan 2030, 70 prosent innan 2040 og vidare til nær null innan 2050.

Det inneber eit kutt på over fem millionar tonn CO2 i året innan 2030.

Equinor-sjef Eldar Sætre planlegg saman med sine partnarar å bruke 50 milliardar kroner på å kutte klimagassutslepp. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix/ NPK

Føreset stabile rammevilkår

Satsinga blir langt frå billeg. Equinor legg opp til investeringar på rundt 50 milliardar kroner saman med partnarane sine innan 2030 for å komme i mål.

Vilkåret oljeselskapet stiller for å gjennomføre planen, er stabile og føreseielege rammevilkår frå statleg hald.

– No er utgangspunktet vårt at dette faktisk er lønnsame investeringar, gitt dei rammevilkåra vi har i dag, sa Sætre under presentasjonen på måndag.

– Vi ber faktisk ikkje om nye bidrag frå samfunnet i det heile. Vi ber berre om stabilitet i rammevilkår, sa han.

Skal ikkje stenge oljekrana

Sætre var òg tydeleg på at planen ikkje betyr stans i olje- og gassproduksjonen i Noreg. Tvert imot satsar Equinor på framleis leiteverksemd og betydelege tiltak for auka produksjon frå eksisterande felt.

– Samtidig som vi kuttar utslepp, skal vi òg skape store verdiar for selskapet, partnarane våre og for samfunnet. Berre fram til 2030 ser vi for oss at alle felt og anlegg som er opererte av Equinor, kan gi samla direkte inntekter til staten på rundt 3.000 milliardar kroner. Nesten ein tredels oljefond på eitt tiår, sa Sætre.

Vil elektrifisere

Hovudgrepet for å nå dei nye måla er elektrifisering av anlegg både på sokkelen og på land som i dag får kraft frå gassturbinar. Det inkluderer anlegg som Troll, Oseberg og Hammerfest.

I tillegg vil Equinor satse på energisparing og digitalisering.

Innan 2030 skal dette kunne gi eit kutt på 10 prosent i Noregs samla utslepp av klimagassar. Innan 2050 vil det vere snakk om eit kutt på rundt 25 prosent.

– Ein god start på 2020

Statsminister Erna Solberg (H) er positiv til dei nye lovnadene.

– Dette var ein god start på 2020 og gode nyheiter for klimaet, men også norske jobbar og teknologiutvikling. Equinor og norsk industri viser med dette at dei ligg fremst i verda på omstilling, seier ho.

Arkivbilete frå då statsminister Erna Solberg (H) møtte pressen etter skulestreiken i mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Statsministeren viser samtidig til at regjeringa allereie har igangsett ein studie som skal greie ut meir elektrifisering.

– Historisk skifte

Leiar Frederic Hauge i Bellona omtalar overfor E24 målsetjinga som eit «historisk skifte».

– Det er veldig positivt at oljeindustrien endeleg skjønner at dei må ta klimagrep. Det var jaggu på tide. Viss vi ser tilbake på den gongen Statoil og Frp kjempa mot elektrifisering, så viser dette at det har skjedd ei stor haldningsendring, seier Hauge.

Natur og Ungdom lèt seg derimot ikkje imponere.

– Dette er først og fremst eit pressestunt frå fossila, ikkje noko klimatiltak som monnar. Dei store utsleppa kjem frå bruk av olje, ikkje produksjon, seier Andreas Randøy i Natur og Ungdom til NTB.

Jannicke Totland (21), er lektorstudent i nordisk og sammfunsfag ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat