– Verda toler ikkje eit nytt norsk oljeeventyr

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desse dagar føregår andre runde i klimasøksmålet mot staten.

Søksmålet er reist av Greenpeace og Natur og Ungdom med Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon som partshjelp og skjer som ein konsekvens av at Olje- og energidepartementet delte ut ti nye løyve til utvinning av olje og gass i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde våren 2016.

På bakgrunn av dette meiner den miljøorganisasjonane at staten har brote Grunnlova §112 som blant anna seier: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag.»

Forsking er tydelig på konsekvensane av global oppvarming

Det er inga tvil om at konsekvensane global oppvarming vil ha er fatale dersom me fortset som no. Me står midt i ei global klimakrise og det kjem til å bli verre om ein ikkje tek drastiske tak. 

Det er eit faktum at temperaturen på jorda stig. Og det er klart at temperaturstiginga ikkje er under kontroll. Me hugsar alle sommaren 2018, året som både sette varme- og tørkerekordar i Noreg, men òg på verdsbasis.

Sommaren 2019 slo varmerekordar i fleire europeiske land. Og på toppen av dette er oktober 2019 den varmaste oktober månad som nokon gong er målt. I åra som kjem vil oppvarminga bli raskare og kraftigare jo lengre nord ein kjem.

Velstanden me veltar oss i har ein kostnad for andre

Jo varmare det blir, di større blir effekten av klimaendringane. Dette er ikkje enkelthendingar. Det vil skje igjen. Og det vil bli verre.

Det er eit faktum at velstanden me veltar oss i har ein kostnad for andre. Både no, i utviklingsland og for komande generasjonar. I snitt må 25,3 millionar menneske flykte frå heimane sine kvart år på grunn av klimarelaterte problem (IDMC). Fattige menneske blir ramma hardast då dei er dårlegare rusta til å handtere endringane.

Ifølgje ei samanfatting av rapportar frå FN sitt klimapanel vil klimaendringane i korte trekk føre til dårlegare tilgang på mat og vatn, helseproblem, økonomisk ulikskap, konfliktar, tap av naturmangfald i tillegg til skadar på natur, infrastruktur og bygningar.

Smelting av isbrear og varmare havtemperatur fører til at havet stig raskare enn nokon gong. På verdsbasis vil ekstremvêr og naturkatastrofar koma stadig oftare. 

Det er behov for kunnskapsbasert forvalting. Ikkje økonomisk vinning

Når forskinga er så tydeleg på kva konsekvensar global oppvarming vil ha, må me ta val basert på fakta heller enn motivert ut i frå økonomisk vinning.

Ifølgje ein rapport frå klimarisikoutvalet vil temperaturen stige med mellom 3-4°C om 70-80 år om ein fortset med den klimapolitikken som blir ført i dag. Ved 3-4°C oppvarming vil jorda sitt grunnlag for matproduksjon vera svært redusert.

I eit langtidsperspektiv vil ikkje kapital ha noko å seie dersom det ikkje er mogleg å verken dyrke eller kjøpe mat. Jorda vil bestå, men det er usikkert i kva grad me menneske vil klare å tilpasse oss dei dramatiske konsekvensane klimaendringane kan gje.

Det er ingen tiltak som er lette å gripe til, då ville dei blitt gjort for lenge sidan

Slik situasjonen er i dag er det ikkje mogleg å tenkje økonomisk vekst og samstundes bevare kloden. Økonomisk vekst i eit perspektiv der dei rike blir rikare og dei fattige framleis er fattige har ingenting å seie i ei verd som likevel forvitrar.

Kall meg gjerne naiv som trur at olja må fasast ut i næraste framtid, men det som i røynda er naivitet er trua på at me kan forsetje slik me lever, noko som inkluderer levestandarden me er van med. For å nå måla som er nødvendige for at jorda skal vera leveleg treng ein å ta val basert på kunnskapsbasert forvalting, ikkje eine og åleine motivert ut frå økonomisk vinning. 

I det store og det heile er det ikkje velstanden vår som tel, men at me har ein klode som er leveleg å bu på. Det er ingen garanti for at dei tiltaka som må gjerast for å nå dei nødvendige måla kjem til å bli behagelege, men det det finst ein garanti på at om ein fortset slik me gjer vil konsekvensane bli katastrofale. Det er ingen tiltak som er lette å gripe til, då ville dei blitt gjort for lenge sidan.  

Verda toler ikkje eit nytt norsk oljeeventyr

Forskinga er tydeleg. Me har meir petroleumsressursar enn jorda toler at me brenn. Det er sikker kunnskap om at det ikkje er berekraftig å bruke dei fossile ressursane som er tilgjengelege dersom me skal nå måla Parisavtalen. Når det langt på veg er etablert hjelper det ikkje at Noreg deler ut fleire oljelisensar. Verda toler ikkje eit nytt norsk oljeeventyr, noko 23. konsesjonsrunde har potensiale for å gje. 

I rapporten «The Sky´s Limit: Norway» blir det understreka at sjølv om ein sluttar med utvinning av kol, er det framleis ikkje plass til meir norsk olje. Når det er så tydeleg at konsekvensane vil bli så store, er det av den grunn djupt problematisk å bruke pengar og ressursar på å setje naturen på spel for å leite etter enda meir.

Me har meir petroleumsressursar enn jorda toler at me brenn

Dette skildrar paradokset i norsk klima- og oljepolitikk, som Gaute Eiterjord, leiaren i Natur og Ungdom samanfattar under den første dagen i klimasøksmålet i Lagmannsretten: «Å tru at me er eit føregangsland for klima og samstundes vera den 7.største eksportør av olje og gass er den norske livslygna». 

Ein kan ikkje leite etter ny olje og gass dersom me skal klare å nå målet om å halde verda si temperaturauking under 1,5°C. Desse løyva vil føre til gigantiske utslepp i ei tid der verda er einig om at fossile brensel må bli redusert i eit raskt tempo. Det må gjerast tiltak no og det viktigaste tiltaket for vår del er å avstå. At noko har førerang betyr at noko må vike.

Noregs rolle

At Noreg er ein aktiv aktør når det kjem til klimavedtak er løgn. Sjølv om Noreg er aktive pådrivarar for elbilar og støttar bistand til å bevare regnskogen i Amazonas er det feil å tru at me er eit føregangsland når det kjem til klimapolitikk. Me gjer langt i frå nok med tanke på det utgangspunktet me har og dei ressursane me har tilgjengelege.

Noreg har ikkje lukkast i reduksjon i klimagassar. Sjølv om statistikk viser at Noregs klimagassutslepp vart redusert med 0,9 % i 2018 samanlikna med 2017 og at utsleppa har falle dei siste tre åra betyr ikkje det noko i det store og det heile når CO2-utsleppa i Noreg har auka med heile 24,% i perioden 1990–2018 og at Noreg er den 7.største eksportøren av fossile brensel på verdsbasis. At utsleppa ikkje går meir ned enn dette er ein klar indikator på at det ikkje blir gjort nok. 

At noko har førerang betyr at noko må vike

For å avgrense oppvarminga til 1,5°C må Noreg kutte 40-60% av utsleppa frå 2010-nivå innan 2030. For å nå 2°C må me redusere utsleppa med 20% innan 2030 frå 2010-nivå og nå netto null i 2075. Likevel er ikkje 2°C-målet godt nok, noko som gjer at kutta må bli enda større. Per dags dato har me ikkje tiltak som er gode nok til å eingong i nærleiken nå dei måla som er nødvendige. Me har ei prekær klimakrise utan at Noreg har klart å kutte særleg i utslepp. 

Det er ikkje Noreg åleine som er ansvarleg for klimaendringar. Likevel har Noreg, som verdas rikaste land eit særlig ansvar, noko som vart understreka i VG av David Boyd, FN sin spesialrapportør for menneskerettar og miljø tidlegare i veka: «Hvis ikke Norge, hvem? Hvis ikke nå, når?»

Det er klimapolitikken som må bli utfordra og ikkje naturen sine tolegrenser

Gjennom søksmålet har eit av regjeringa sine argument vore at Grunnlova §112 er eit prinsipp og ikkje ei materiell plikt. Med andre ord er paragrafen til pynt, og er meint til å bli tolka symbolsk. Uavhengig av skiljet mellom rett og prinsipp burde ein gjere det ytste for å innfri det prinsippet som er sett.

Slik situasjonen er i dag blir det langt i frå gjort nok. For å bevare samfunnet slik det er for etterslekta må miljø bli prioritert i samsvar med Grunnlova §112. For Noreg betyr det å fase ut bruken av fossile brensel, noko som betyr å stengje oljekranane så fort det lar seg gjere.

Same kvar utsleppa skjer har det ein verknad på verdsbasis. Ingen utslepp er meir marginale enn andre. Ressursane må stå i fred og behovet for økonomisk vinning må vike. Det er den noverande klimapolitikken som må bli utfordra og ikkje naturen sine tolegrenser.  

Det er framtida vår det er snakk om. Og framtida er no. 

Har du noko på hjarte? Send oss meiningsinnlegg eller tips til tips(a)framtida.no!

Les også: Jusprofessor meiner miljøorganisasjonane kan vinna klimasøksmålet

F.v. Jørn Øyrehaugen Sunde. Jusprofessor på Universitetet i Bergen, Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet og Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom.