Ungdomsorganisasjonane sine nyttårsønske

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsorganisasjonane sine nyttårsønske: Frå stemmerett for 16-åringar til forbod mot «homoterapi»

Framtida.no har spurt leiarane i ungdomsorganisasjonar om tre spørsmål for å oppsummere året som har gått – oppturar og nedturar – og kva dei håpar på i 2020.

Spire-leiaren: – Uendeleg mykje driv for å halde fram kampen

Det er lite tvil å spore når Spire-leiar Hege Skarrud skal svare på kva som har gledd ho mest i 2019.

Leiar i Spire, Hege Skarrud. Foto: Spire

I det ho kallar «nærmast eit håplaust år», har klimastreikane vore eit lyspunkt.

– Arbeidet vi her heime har gjort med klimastreikane har gjeve oss uendeleg mykje driv for å halde fram kampen for ei berekraftig og rettferdig verd. Ein kamp som vi både kan og må vinne, fortel Skarrud på e-post.

Samstundes trekker ho fram debatten kring det økonomiske og materielle vekstjaget som har fått ei ny oppvaking i løpet av året.

– Kva har skuffa deg mest?

– Kjell Ingolf Ropstad. Ikkje berre i abortsaka og etterslepet etter KrF sitt vegval i slutten av 2018, men også den uforståelege dritkastinga mot miljørørsla og vårt menneskesyn.

Spire-leiaren kritiserer KrF-leiaren for å resonnere frå ei politisk skyttargrav:

– Han prøvar panisk å tene nokre raske politiske stemmer etter sjølv å ha forlete det kristne menneskesynet sitt, i møte med Frp si motvilje mot å setje menneskeverdet til flyktningar eller dei som rammast av klimakrisa på agendaen. Han bommar på blinken og plaffar ned gamle venner, seier Skarrud.

Ho understrekar at Spire i fleire saker har stått saman med Ropstad, men at han no skuffar i sitt politiske spel.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– At politikarane startar å lytte til dei unge klimastreikarane sine krav. At dei sluttar å dytte oss framfor seg og smykke seg med oss, men at vi får dei radikale tiltaka vi treng og krev.

Skarrud poengterer at 2020 er starten på det tiåret der vi må løyse ei rekkje av verdas problem gjennom å oppnå Agenda 2030, altså FN sine berekraftsmål:

– Her er vi unge nøkkelen til å oppnå dette fordi vi klarar å sjå utanfor dei systema som har sett oss i denne knipa.

SAIH-leiaren: – Kjempesiger

– Kva har gledd deg mest i 2019?

– Det må bli gjennomslaget for «Lånekassen for utvikling» i statsbudsjettet – det kan på sikt betyr lån- og stipendordningar for fleire studentar i andre delar av verda, svarar Sunniva Folgen Høiskar.

Leiaren for Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) fortel at mange unge menneske ikkje får mogelegheita til å oppfylle draumen om høgare utdanning fordi dei ikkje har råd:

– Det er eit stort tap for dei, men også eit stort tap for samfunnet. At Noreg vil jobbe med dette er ein kjempesiger for oss og studentar globalt.

Sunniva Folgen Høiskar tok over leiarvervet i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) 1. juli. Foto: SAIH

Samstundes vil Høiskar trekke fram at 2019 har vore eit fantastisk år for studentakivisme, og studentar har leia an i land som Sudan, Algerie, Hongkong og Colombia:

– Det har ikkje berre gått bra, men det er inspirerande å sjå kva slags styrke som finst i modige studentar!

– Kva har skuffa deg mest?

– Auken i drap på sosiale leiarar i Latin-Amerika. Fleire av våre partnarorganisasjonar i Colombia opplever drap og trugslar og ein svært usikker kvardag, og det er vondt å høyre historiane deira frå det som skal vere eit land i fred.

Samstundes er SAIH-leiaren skuffa over den stadig valdelege responsen mot studentdemonstrasjonar.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– Eit avkolonisert akademia, neida (joda!), og fred på jord.

Student-leiaren: – Eit utruleg viktig gjennomslag

Det som har gledd Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon, mest i 2019 er at regjeringa fullfører opptrappingsplanen til 11 månadars studiestøtte:

– Dette er eit utruleg viktig gjennomslag som studentrørsla har jobba for i mange år. Endeleg vil alle studentar få studiestøtte i alle månadane vi studerer frå 2020.

– Kva har skuffa deg mest?

– Den største skuffelsen dette året har vore at det ikkje lot seg gjere å byggje tilsvarande tal studentbustadar som det var sett av middel til i statsbudsjettet. Studentbustadar er viktige for å gje studentane eit trygt og rimeleg bualternativ.

1. juli tok Marte Øien fatt på vervet som leiar for Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

NSO har som mål at ein av fem studentar skal ha mogelegheit til å bu i ein studentbustad, fortel Øien.

– Skal vi klare å nå det målet er vi avhengige av ei høg byggetakt.

– Kva er ditt største ønske for 2020? 

– Mitt største ønske for 2020 er at alle norske studentar har like mogelegheiter til å både byrje og fullføre den graden dei har byrja på.

NSO-leiaren understreker at dersom det skal vere mogeleg, så må ein sørge for ein studentøkonomi som sikrar at studentane kan fokusere på studiane framfor deltidsjobben, ei auka satsing på studenthelse, god oppfølging og rettleiing, samt legge til rette for studentfrivilligheita.

Skeiv Ungdom-leiaren: – Regjeringa prioriterer ikkje skeive

– Eg trur det eg har gledd meg mest til har vore Skråtekst, boka som Skeiv Ungdom har gjeve ut no i november. Det har vore skikkeleg stas å jobbe med den det siste året, og det var skikkeleg gøy å endeleg få den lansert!

Det svarar Odd Thomassen, som er leiar i Skeiv Ungdom. Boka er ei samling av dikt og prosa, og utforskar kva det vil seie å vere skeiv i dag.

Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom, Odd Thomassen, kjem frå vervet som organisatorisk nestleiar i sentralstyret. Foto: Privat

Den største skuffelsen kom frå politisk hald, då Stortinget stemte ned alle dei ti forslaga Miljøpartiet dei Grøne og Arbeidarpartiet la fram i byrjinga av desember.

Thomassen fortel at det vart stemt over ei rekkje forslag, mellom anna: styrking av politi-innsatsen mot hatkriminalitet, forbod mot unødvendige kosmetiske inngrep på interkjønnbarn før dei kan samtykke sjølv, utgreiing av eit tredje juridisk kjønnskategori, styrking av kompetansen om kjønnsdysfori i regionane og å sørgje for at transpersonar får betre tilgang på kjønnsstadfestande behandling.

– Alle regjeringspartia stemte mot alle desse forslaga. Dette er utruleg skuffande, og framstår for oss som eit tydeleg signal om at skeive ikkje er ei gruppe regjeringa ynskjer å priorietere å jobbe for, seier Skeiv Ungdom-leiaren.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– Eit vedteke forbod mot konverteringsterapi som gjeld både for seksualitet og kjønn.

LNU-leiaren: – Ingen vaksne kan seie at «dei unge ikkje bryr seg om politikk»

– Kva har gledd deg mest i 2019?

– Utan tvil at ungdom har teke meir plass i politikken! Gjennom klimastreikane har unge vore med på å setje dagsorden, og i haustens val auka valdeltakinga for alle aldersgrupper under 30 år med ti prosentpoeng, seier Rode Margrete Hegstad.

Rode Hegstad er styreleiar i LNU. Foto: Lena Rutan Fidjestad / LNU

Leiaren i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) slår fast at etter 2019 kan ingen vaksne seie at «dei unge ikkje bryr seg om politikk».

– Kva har skuffa deg mest?

– Eg har vorte mest skuffa av hetsen ungdom som engasjerer seg møter frå vaksne i kommentarfelt og på sosial medium. Det viser at vi som samfunn har langt å gå før vi kan seie at vi tek unge og deira meiningar på alvor.

– Kva er ditt største ønske for 2020?

– At vi utvidar demokratiet vårt og innfører stemmerett for 16-åringar.