SAIH sin nye leiar: – Krev plass rundt dei vaksne sitt bord

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdom er ofte utruleg dyktige og ekspertar på sine felt, men ofte vert ungdom skilne ut for seg sjølv og vert klappa på hovudet for å vere «flinke», skriv Sunniva Folgen Høiskar på e-post til Framtida.no.

24-åringen meiner det er heilt avgjerande at unge vert tekne på alvor på same måte som vaksne for at meiningane deira skal nå fram til dei som styrer:

– Så å kreve plass rundt dei vaksne sitt bord, i staden for å leggje til eit «barnebord» trur eg er viktig.

Ei modig røyst for studentar i fleire land

Sunniva Folgen Høiskar tok 1. juli fatt på leiarvervet i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

Høiskar meiner det ikkje rår tvil om at det framleis er bruk for SAIH i Noreg:

– Fordi det trengst solidaritet og aktivisme i akademia og blant studentar, og fordi norsk politikk treng ei modig røyst for studentaktivistar og høgare utdanning verda over.

Samstundes trekker Høiskar fram at det fine med organisasjonen er at det også er bruk for den i utlandet. Med hjelp frå norske studentar, støttar SAIH sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar for ein rettferdig tilgang til høgare utdanning og akademisk fridom.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

–  Eg har alltid vore veldig nysgjerrig på verda og veldig frustrert over urettferd, fortel Høiskar.

Engasjementet går langt tilbake i tid, og ho veit ikkje sjølv om ho kan peike på ei spesiell ting som har utløyst det.

– Men i 2011 vart det på ein måte meir enn ei fritidsinteresse, og både den arabiske våren og 22. juli trur eg gjorde at eg har engasjert meg så mykje som eg har enda opp med, forklarar Høiskar.

Organisasjonsnerd

Sjølv trur ikkje Sunniva Folgen Høiskar organisasjonen kjem til å merke dei store forandringane med ho i føringa:

– SAIH er veldig mykje meir enn leiaren sin heldigvis – så det vert nok ingen revolusjonerande endringar, svarar ho og rosar forgjengaren sin Beathe Øgård som ein dyktig leiar.

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på årsmøtet dykkar?

– Vi hadde vårt første årsmøte på lang tid utan noko grunndokument oppe til vedtak, så eg får vere litt organisasjonsnerd og seie at vi rydda mykje i vedtektene.

Høiskar trekker likevel fram ein resolusjon SAIH har vedteke om angrep på akademisk fridom i Brasil, der Hydro si saksøking av ein forskar vart teke opp. Det resulterte i at den 24-årige SAIH-leiaren eit par veker seinare stod på talarstolen hjå Hydro si generalforsamling og heldt innlegg om vern av akademisk fridom:

– Det var ein viktig prinsippsak, slår Høiskar fast.

Ikkje eit elitegode

– Kva er dei viktigaste sakene for SAIH anno 2019?

– I år har vi jobba for å sikre tilgang til høgare utdanning globalt gjennom å få på plass eit samarbeid mellom Kunnskapsbanken i Norad og Lånekassen, slik at Noreg kan tilby sine erfaringar med gode lån- og stipendordningar til andre land, fortel Høiskar.

SAIH og NSO fekk gjennomslag for forslaget. No gjenstår det å sjå korleis samarbeidet vert sjåande ut, noko Høiskar fortel at dei gler seg veldig til.

Den nyleg påtroppa SAIH-leiaren fortel at globalt jobbar mange studentrørsler med å få på plass betre lån- og stipendordningar, sidan utdanning jo er svært dyrt:

– Det fører til at høgare utdanning vert eit elitegode, i staden for eit verktøy for sosial utjamning. Høgare utdanning er alt for viktig for samfunnet til å vere berre for dei rikaste.

Bilete er frå kampanjen Lånekassa for utvikling.

Avkolonisering av akademia

Samstundes held organisasjonen fram med arbeidet for å avkolonisere akademia, opplyser Høiskar.

Temaet skapte enorm debatt i fjor, etter at SAIH vedtok ein resolusjon om «avkolonisering av høgare utdanning». I den originale resolusjon vedtok SAIH mellom anna at fleire verdssyn skulle få innpass i høgare utdanning, og at utdanningsinstitusjonar bør formidle kunnskap som ikkje einsidig fremjer ei vestleg kunnskapsforståing.

Khrono har grundig omtalt dei veldige diskusjonane som føregjekk. Ei rekkje forskarar frå Universitetet i Oslo kritiserte resolusjonen og meinte den truga universiteta, medan andre forskarar støtta den og meinte det var legitime krav.

SAIH presiserte i etterkant kva deira standpunkt er: «Ei einsidig fremjing av vestleg kunnskapsforståing er negativ fordi det manifisterer det vestlege som einaste kjerne og utgangspunkt. Denne dominansen bidreg til at mange interessante perspektiv og stemmer ikkje får plass eller vert løfta fram.»

– Vi ynskjer no å få til ein meir konstruktiv diskusjon om tema, og håpar fleire studentar og akademikarar vil vere med å ta diskusjonane inn i seminarrom, fagmøter og forelesingssalar, skriv Høiskar.

Eit samfunn der aktivisme ikkje er farleg

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Det er vanskeleg, det er så utruleg mange viktige saker, både SAIH sine saker og ein heil del andre ting. Eg er ganske nerdete, så systembygging, spesielt betre skattesystem, er eg veldig oppteken av. Eg er også veldig svak for folkeleg mobilisering, og vart veldig inspirert under den arabiske våren, og spesielt Tunisia, som eg sidan har skrive bacheloroppgåva mi om.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn kor alle kan vere seg sjølv, kor alle er nysgjerrige på kvarandre og verda, og kor aktivisme ikkje er farleg.

Sunniva Folgen Høiskar

Alder: 24 år

Kvar kjem du frå: fødd i Oslo og det er det som er heime, men eg har vakse opp på Tromøya utanfor Arendal.
Yrke: Leiar i SAIH
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv du har (hatt): Har vore aktiv i Operasjon Dagsverk, i AUF, i programutvalet for internasjonale studier ved UiO, og har hatt ei rekke andre verv i SAIH. No også ungdomsdelegat på utdanning hjå LNU.

Medlem i: Operasjon Dagsverk, AUF og SAIH har eg vore aktiv i, har betalt og betalar fortsatt medlemskap i ei rekkje solidariske organisasjonar.
Kva gjer du i fritida/hobby: lese bøker, reise (no meir med tog!) og dra på teater.