Student-leiaren til kommunane: – Legg til rette for studentbustadar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 05.10.2019 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har kommunane har tenkt til å gjere for å vere ein god vertskommune for studentane? spør leiaren i Norsk Studentorganisasjon, Marte Øien.

Det håpar ho vert det viktigaste utdanningsspørsmålet lokalpolitikarane svarar på i det nært føreståande kommune- og fylkestingsvalet.

Klarar ikkje huse studentane

NSO-leiaren viser til eit dokument utarbeidd av organisasjonen som tek føre seg alt frå grøne campus til psykisk helse-tilbod, frå rabatt på kollektivtransport til studentidrett.

Det er likevel eitt tema som er særleg viktig:

– Det er å leggje til rette for bygging av studentbustadar. Det er eitt av tiltaka som på kort og lang sikt kan gjere mykje for studentvelferda i den enkelte kommunen.

I mangfaldige år har det vore for få studentbustadar til å huse alle studentane som står i kø – slik var det i 2015, i 2016, i 2017, i 2018 og også i år. Målet til NSO er at studentbustadar skal kunne romme 20 prosent av studenttalet nasjonalt. I 2019 har dekningsgraden krype opp til 14,5 %, og framleis manglar over 14.000 bustadar.

Ein vinn-vinn-situasjon

Marte Øien meiner fleire studentbusetnadar vil vere ein vinn-vinn-situasjon, både for studenten som har trange kår og for kommunen:

– Det er ikkje berre viktig for å ivareta dei studentane som studerer og som bur i kommunane, men det er også viktig for heile lokalsamfunnet. Trivst studentane så er det større sjanse for at dei vert buande der i eit langtidsperspektiv, seier NSO-leiaren.

Ho oppmodar difor kommunar til å stille rimelege tomter disponibelt for studentsamskipnadar, byggje fleire studentbustadar slik at også private leigeprisar vert halde nede, og vere effektive i sakshandsaminga i byggjesaker.

Møtestadar mellom kommunen og studentane

Samstundes understrekar Øien at innsats og lovord i førekant av eit val ikkje er tilstrekkeleg, dei som vert valde må samhandle med studentane også etter valet.

– Det er fleire kommunar som har jamleg møter med dei lokale studentdemokratia, og det er eit godt og viktig tiltak, seier Øien.

Fleire kommunar må difor legge til rette for møtearenaar med studentar:

– Kommunen lyt inkludere studentar, avsluttar NSO-leiaren.

Minihuset til Guro og Mats Herman Aunevik.