USA har formelt bede om å forlata Parisavtala

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går kveld varsla USAs utanriksminister Mike Pompeo at USA no formelt har bede FN om å forlata Parisavtala. Det betyr at verdas nest største forureinar om eitt år kan vere ute av klimaavtala.

Pompeo: – Ein realistisk og pragmatisk modell

Stormaktene USA og Kina slutta seg til klimaavtala i september 2016, først ni månadar etter ho vart framforhandla. Det vart kalla ein milepåle av dåverande klimaminister Vidar Helgesen.

Avtala vart signert av dåverande president Barack Obama, men allereie i juni 2017 annonserte Donald Trump at han ville forlata avtala.

Ifølgje avtala kunne ingen land kunne trekkja seg før tre år etter 4. november 2016.

Det betyr at måndag 4. november 2019 var datoen president Donald Trump kunne senda det formelle brevet der han seier opp Parisavtala som vart framforhandla i desember 2015.

Seint i oktober stadfesta det amerikanske utanriksdepartementet at planen framleis er å trekkje seg frå klimaavtala, slik han lova i valkampen 2016.

I ei skriftleg uttaling frå departementet skriv utanriksminister Pompeo:

– I internasjonale klimadiskusjonar vil me halda fram med å tilby ein realistisk og pragmatisk modell, støtta av ei liste av verkelege resultat, som viser at innovasjon og opne marknadar fører til større velstand, lågare utslepp og sikrare energiforsyningar.

Biden: – Ei skam

USA kan tidlegast vera ute av avtala om eitt år, som er dagen etter presidentvalet 2020.

Det manglar ikkje på kritikk av avgjersla. Tidlegare visepresident og noverande presidentkandidat, demokraten Joe Biden meiner avgjersla er ei skam:

Leiar for Representantenes hus, Nancy Pelosi kallar avgjersla «endå ei katastrofal avgjersle som sel våre barn si framtid», medan Elizabeth Warren kritiserer administrasjonen for å rømma frå ansvaret sitt.

Tidlegare ordførar i New York, Mike Bloomberg, kritiserer Trump si avgjerd og håpar difor amerikanarane går til stemmeurnenene for klimaet.

– Det amerikanske folket må velja leiarar som vil konfrontera klimakrisa og setja offentlegheita si helse og sikkerheit først. Fram til då vil me halda fram og kjempa mot klimakrisa med det hastverket me har, by for by og stat for stat. Me har ikkje råd til å venta, skrv Bloomberg i ei pressemelding.

New York har allereie innført det som vert kalla USAs mest ambisiøse klimapolitikk.

Togradersmålet

I Parisavtala vart brorparten av verdas nasjonar einige om å saman jobba for å redusera utsleppa, slik at ein held seg innanfor togradersmålet.

Målet er at snittemperaturen i verda ikkje skal stiga meir enn to grader innan hundreåret er omme. Aller helst vil ein avgrensa temperaturauken til 1,5 grader samanlikna med førindustriell tid.

For å nå dette målet skal landa sjølv rapportera inn kor mykje dei vil kutta. Landa sine mål skal fornyast kvart femte år, frå og med 2020. I tillegg skal landa rapportera inn korleis utsleppskutta går kvart femte år, frå og med 2023.

Donald Trump vil også trekka USA ut av ei rekke avtalar om nedrusting. Foto: Gage Skidmore/Flickr/(CC BY-SA 2.0)

Trump om Parisavtala

Då president Donald Trump varsla at han ville trekkja USA ut av Parisavtala kritiserte han avtala for å favorisera andre land enn USA.

– Resten av verda applauderte då me signerte Parisavtala, dei vart galne, dei var så glade, av den enkle grunn at det gav landet vårt, Dei foreina amerikanske statane, som me alle elskar, ei veldig stor økonomisk ulempe, sa Trump i talen som er sitert i sin heilskap på nettsidene til Det kvite hus.

Lær meir: Dette betyr klimaendringane for utanrikspolitikken

Bakgrunnsbilete frå flaumen i Utvik, Nordfjord: Tord Bruland. Foto av Trump: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0. Foto av Bolsonaro: Gustavo Lima / Câmara dos Deputados/Wikimedia Commons/CC BY 3.0. Foto av Macron: Jacques Paquier/Flickr/CC BY 2.0. Foto av Ine Eriksen Søreide: Asgeir Spange Brekke/FD/UD