Regjeringa vil greie ut om «homoterapi»-forbod – KrF seier nei

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag sender kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grade (V) eit brev til familie- og kulturkomiteen på Stortinget, på vegner av regjeringa.

Der skriv Grande at dei no vil greie ut om forbod mot konverteringsterapi.

Ifølgje VG er alle regjeringspartia samde om dette, med unntak av eitt parti: KrF.

– KrF er eit lite mindretal her, og eg meiner at dei avsløringane som har kome fram er så graverande at vi må sjå korleis vi kan bruke lovverket for å hindre praksisen, seier Trine Skei Grande til avisa.

Allereie ulovleg

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad forklarar i VG at han «ikkje ser behovet for å utgreie noko som allereie er forbode», då han meiner overgrep, vald og skadeleg terapi allereie er ulovleg i Noreg.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Astrid Waller/Stortinget

KrF-leiaren understreker at han er open for å kartlegge omfanget og korleis ein kan luke vekk skadeleg verksemd.

Samstundes er Ropstad uroa for korleis eit forbod vil påverke trusfridomen i landet:

– Det viktigaste er korleis leiarar i trussamfunn møter sårbare menneske. Så trur eg mykje som har vorte nemnt i debatten ikkje er utbreidd. Vald, overgrep og skadeleg terapi må nedkjempast, seier han til VG.

Også leiar i ungdomspartiet KrFU, Edel-Maria Haukland, deler oppfatninga til Ropstad om at den skadelege praksisen allereie er forbode i Noreg.

I eit intervju med Framtida.no etterlyste Haukland ein meir nyansert debatt, og understreka at kunnskap og dialog er dei viktigaste verkemidla i møte med konverteringsterapien. Ho utelukka likevel ikkje eit forbod:

– Me må finne ein veg framover for å løyse problemet, men eg trur ikkje eit forbod kan løyse alt. Det kan vere ein del av løysinga og kan vere riktig verkty når det kjem til barn og ungdom, sa Haukland til Framtida.no.

I 2018 lanserte Lucas Hawrylak (midten) eit opprop for eit tysk forbod mot homoterapi. Han jublar over det tyske lovforslaget, men meiner det kan bli betre. Foto: Twitter

Signaturstorm

Konverteringsterapi har stått høgt på dagsorden sidan byrjinga av november, då VG-serien «Homoterapi» med Morten Hegseth som programleiar kom.

I løpet av sju episodar set Hegseth søkelys på praksisen som har som mål å endre legninga til LHBT-personar. Programleiaren intervjuar personar som har opplevd konverteringsterapi og dei som har utført den. Han undersøker både den politiske sida av saka, og korleis religiøse grupper legitimerer praksisen.

Kristoffer Dragesæt (30) er overvelda over responsen på underskriftskampanjen han initierte for å seia nei til såkalla homoterapi. Foto: Privat/Skjermdum

Serien har skapt sterke reaksjonar. Då 30-åringen Kristoffer Dragesæt såg programmet byrja blodet hans å koke, og han bestemte seg for å starte ein underskriftskampanje for å få på plass eit forbod i Noreg.

I løpet av dei to første døgna hadde 80.000 signert oppropet, og innan tysdag 19. november hadde talet signaturar stige til over 100.000.

I desember skal Stortinget handsame lovforslag om å forby såkalla «homoterapi».