Natur og Ungdom kritiserer havsatsinga til regjeringa: – Eit spel for galleriet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.10.2019 21:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag kunne Erna Solberg annonsera at regjeringa gjev tre milliardar kroner til reinare hav.

Kunngjeringa kom under Our Ocean-konferansen i Oslo der politikarar, næringsliv og forskarar frå heile verda er samla i to dagar for å diskutere korleis dei best mogleg kan ta vare på og forvalta havet.

Solberg: – Vi må både verne havet

Statsminister Erna Solberg er hovudtalar under konferansen. Ho nytta høvet til å be alle land om å bidra meir. Samstundes varsla statsministeren om at Noreg vil trappa opp innsatsen både nasjonalt og internasjonalt.

– Vi må både verne havet mot forureining og legge til rette for framleis mat- og energiproduksjon frå havet. Det er berre gjennom ei berekraftig forvaltning av havområda og ved å ta i bruk ny teknologi, at vi vil lykkast med å skape nye jobbar og næringar, seier Solberg ifølgje NTB.

Dei tre milliardane skal delast ut i perioden 2020-24. Pengane inkluderer:

  • 2,3 milliardar til utvikling av Equinors flytande havvindpark Hywind Tampen
  • 100 millionar kroner til null- og lågutsleppsløysingar i innanriks skipsfart
  • 50 millionar til etablering av bistandsprogrammet Green Voyage 2050 saman med FNs sjøfartsorganisasjon
  • 225 millionar kroner til å ferdigstille eit forprosjekt for eit CO2-lager i Nordsjøen

Les også: Klimaturen til kronprinsen til Stillehavet utløyste over 9 tonn klimagassar

NU: – Ikkje havets redningskvinne

Natur og Ungdom er ikkje imponert over satsinga og aksjonerte utanfor konferanselokala.

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord er ikkje nøgd med Erna Solberg si havsatsing. Foto: NU

Dei meiner at Erna Solberg ikkje gjer like mykje for havet som ho påstår.

– Samstundes som ho skryter av eige havengasjement, opnar ho for å dumpe millionar av slam tonn rett i fjordane våre. Det er stikk i strid med alle dei store orda og ikkje akseptabelt, seier Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

I tillegg til deponi av gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden reagerer organisasjonen på at regjeringa har opna for oljeboring i sårbare områder som Træna, ved Bjørnøya og i iskantsona.

– Akkurat no er statsminister Erna Solberg ein trussel mot livet i havet, ikkje havets redningskvinne, avsluttar Eiterjord.

Omlag 100 stykk møtte opp framfor slottet for å protestere mot at 30 millionar tonn gruveavfall skal bli dumpa ned i Repparfjorden. Foto: Janne Merete Bøyum