Stor fagleg usemje om fjord-lagring av gruveavfall

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Driftskonsesjonen til den planlagde kopargruva ved Repparfjorden har fyrt opp under diskusjonen både om dette prosjektet og lagring av gruveavfall i sjø meir generelt.

– Sjødeponi er alltid feil, meiner Geir Jørgensen, Naturvernforbundets regionsekretær i Nord-Noreg.

På bakgrunn av dei store miljøøydeleggingane i havet meiner han det blir feil å bruke norske fjordar som avfallsplass.

Styresmaktene meiner på si side at miljøbelastinga ved sjødeponi kan vere akseptabel. Så seint som førre veke fekk kopargruva ved Repparfjorden i Finnmark driftskonsesjon.

Les også: Fleire tusen vil lenke seg mot gruvedrift i Repparfjorden

Verna laksefjordar

Også i fagmiljøa er det betydeleg usemje rundt praksisen. Havforskingsinstituttet er sterkt kritisk til planane om lagring av gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden – som begge er verna nasjonale laksefjordar.

Terje van der Meeren er forskar hjå Havforskningsinstituttet. Foto: Hi.no

– I begge tilfelle er det snakk om store massar som skal ut i sjøen over lang tid, seier forskar Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet til NTB.

Avfallet i Repparfjorden vil innehalde både nikkel og mange hundre tonn kopar bunde i mineral per år. Over ein femdel av fjordbotnen vil bli dekt med avfall.

Van der Meeren understrekar at det er mangel på kunnskap om korleis store mengder gruvepartiklar med tungmetall påverkar fisk og næringskjeder. Men han meiner det er risiko for alvorlege konsekvensar for gytande torsk, og for laksefisk viss han skulle komme i kontakt med avfallet.

Les også om skulefaget som skal bu elevane på hundreårets krise: – Eigentleg burde klima- og miljøfag vore eit fellesfag som alle elevar fekk, på lik linje som norsk

– Formålstenleg bruk

Forskarar frå eit selskap eigd av Norsk institutt for vassforsking (Niva) kom likevel til ein annan konklusjon då dei skreiv ein rapport om planane – på oppdrag frå gruveselskapet Nussir. Ifølgje rapporten vil gruveavfallet berre få små konsekvensar for laksen i den verna laksefjorden.

Niva-forskar Morten Thorne Schaanning har ikkje sjølv jobba med situasjonen i Repparfjorden, men er klar på at sjødeponi kan vere ei akseptabel løysing ei rekke stader langs norskekysten.

– Vi meiner sjødeponi i mange tilfelle er formålstenleg bruk av norsk natur, seier han til NTB.

Schaanning viser til at mange norske fjordar har spesielle eigenskapar som gjer at avfall på botnen ikkje så lett spreier seg. Dette gjeld særleg fjordar med ein «terskel» – eit grunt område – ved utløpet.

Repparfjorden. Foto: Natur og Ungdom.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

– Verre å lagre på land

Over tid vil dessutan gruveavfallet bli tildekt av naturlege sediment som legg seg på botnen.

Skal ein først ha gruvedrift, kan lagring på land vere mykje meir risikabelt, ifølgje Schaanning. Landdeponi er utsette for lekkasjar, og dei må haldast ved like på ubestemt tid.

I tillegg er det kjemiske årsaker til at kopar lettare blir vaska ut av steinmassar som blir utsette for regnvatn på land.

I motsetning til mange vestlandsfjordar har likevel ikkje Repparfjorden ein tydeleg terskel ved utløpet som avgrensar utstrøyminga av vatn. Schaanning meiner styresmaktene kunne stilt strengare krav til Nussirs koparutvinning for å minske risikoen for at gruveavfallet spreier seg.

Éi moglegheit hadde vore å bygge ein barriere på fjordbotnen. I tillegg kunne ein kravd tildekking av avfallet når gruvedrifta er over.

Uavhengig av konsekvensane i fjorden er det også sterk motstand mot Nussirs gruveprosjekt fordi det vil påverke reinnæringa i området. Lokale reineigarar fryktar dei vil miste så store areal at dei blir nøydde til å legge ned drifta.

Les fleire saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar her.