– Det er berre eit grønt skifte fordi me kallar det «grønt»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mineralutvinning og eit grønt skifte går ikkje hand i hand, meiner leiar i Norske Samers Riksforbunds ungdomsutvalg (NSR-U), Maren Benedicte Nystad Storslett.

Under debatten Ungdom om framtiden i nord på Arendalsveka møttest ungdomspolitikarar frå dei norlegaste fylka for å diskutere framtida sett med eit nærings- og klimaperspektiv.

Fryktar konsekvensane

Nord-Noregsbanen står høgt på lista blant alle parti bortsett frå NSR-U, som fryktar for konsekvensane for dei berørte reindriftsområda.

– Reindrift er ikkje ein hobby eller ein fritidsaktivitet, men eit arbeid og ein livsstil som er veldig viktig for å oppretthalda kulturen, understrekar Nystad Storslett.

Ho er den einaste av ungdomspolitikarane som svarar klart «ja» på at samiske interesser bør prioriterast over næringsliv i nord, men fleire ser konflikten.

– Me ser gong på gong at dei samiske interessene har blitt nedprioritert. Difor er det viktig at me står på samane si side og ser på andre område, seier Vilde Sofie Nohr, styremedlem i Nordland Unge Venstre.

LES OGSÅ: Ella Marie og Natur og Ungdom rasar mot regjeringa: – Repparfjordgruva vil bli ein miljøkatastrofe

– Grønvasking

Gruvedrifta i Repparfjorden har òg møtt mykje motbør både frå miljøvernarar og samiske interesseorganisasjonar.

Den Nystad Storslett reagerer på det ho kallar grønvasking av gruveindustrien og vindkraftutbygging.

– Ei gruve vert ikkje grøn berre du kallar ho «grøn», seier den samiske ungdomspolitikaren, som meiner det er på tide å trekkje i naudbremsa.

– Kvar gong det er snakk om berekraft snakkar ein om utbygging og utvinning. Det er berre eit grønt skifte fordi me kallar det «grønt». Jorda tåler ikkje dette.

LES OGSÅ: Repparfjord eller Repparfjorden?

Norske Samers Riksforbunds ungdomsutvalg er på kollisjonskurs med dei andre ungdomspartia i saka om utbygging av Nord-Noregsbanen.

Ønskjer grøn vekst

Styremedlem i Nordland Unge Venstre, Vilde Sofie Nohr, meiner på si side at vind og vasskraft ikkje står klart til det grøne skiftet og at det difor må byggjast.

– Grøn vekst skjer ikkje ved at me trykker på naudbremsa, seier Nohr.

Også Martine Tennholm, formann i Fremskrittspartiets Ungdom i Troms og Finnmark, meiner det er viktig å forske meir for å finne klimavenlege løysingar. Ho trur på «gulrot framfor pisk» når det kjem til miljøteknologi.

– Gamaldags

Nystad Storslett i NSR-U meiner på si side at det er ein gamaldags tankegang at industrien er den einaste måten å gå framover på.

– Mykje kan ikkje alltid få meir. Utvikling er ikkje synonymt med utbygging.

Ho fryktar at konsekvensane og øydeleggingane er større enn det ein vinn.

– Når me har eit grønt skifte for å ta vare på naturen, men gjer slik at det ikkje er meir natur å ta vare på, kva gjer me då?

LES OGSÅ: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Filmskapar og reineigar Mai-Lis Eira framfor ei av mastene til Statnett i kortfilmen «Samene har rett». Foto: Ken Are Bongo