mm
Faktaboks

► Det planlagde mineralprosjektet omhandlar utvinning av koparførekomsten i fjella Nussir og Ulveryggen i Kvalsund kommune.
►Gruvedrifta vil gje store mengder avgangsmassar, som i hovudsak er planlagt deponert i Repparfjorden. Det planlagde sjødeponiet er i reguleringsplanen avsett til kring 8 kvadratkilometer.
►Gruvedrifta i Kvalsund vil kunna skapa om lag 150 arbeidsplassar i Finnmark.

LES FAKTALUKK FAKTA

Regjeringa gav måndag gruveselskapet Nussir endeleg løyve til å dumpa 30 millionar gruveavfall i Repparfjord i Finnmark, ein av Noregs nasjonale laksefjorder. Miljøvernarane i Natur og Ungdom seier no at dei er klare for å lenkja seg fast mot det dei meiner er ein av dei største miljøskandalane Noreg har sett.

– Regjeringa opnar for å dumpa 30 millionar tonn giftig gruveavfall i ein fjord rik på villaks, kysttorsk, kveite, sei og sild. Det er skammeleg at kystnasjonen Noreg lèt gruveselskap dumpa avfallet sitt i fjordane, og ein totalt uakseptabel industripraksis. Me kjem til å gjera det me kan for å stoppa dette prosjektet, og lenkjer oss fast om me må, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Miljøministeren: – Strenge vilkår

Etter at Miljødirektoratet gav løyve til gruvedrifta vart vedtaket klaga inn til Klima- og miljødepartementet.

– Miljøverknadene av gruvevirksomheten er grundig greidd ut. Det vert svært stilt strenge vilkår og det er miljømessig forsvarleg å gje løyve, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Både Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet har reagert på prosjektet med høvesvis ei innvending med omsyn til fisk og livet i fjorden og utsegner om kva skade partiklane kan gjera.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom. Foto: NU

– Angrep på samiske rettar

Natur og Ungdom meiner òg at prosjektet inneber eit storstilt angrep på samiske rettar. Området der koparen skal utvinnast er i dag eit viktig beiteområde for reindrifta og fjorden er viktig for sjøsamisk fiske.

– Reindrifta er allereie under stort press, og når regjeringa lèt Nussir leggja beslag på så viktige beiteområde viser dei med all tydelighet at regjeringa gjev blaffen i forpliktingane til staten ovanfor Noregs eige urfolk. Dette har Sametinget sagt frå om over lengre tid, seier Skjoldvær.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE