Forbrukartilsynet åtvarar kundar mot Black Friday-lureri

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sin Black Friday-rettleiar ber Forbrukartilsynet nordmenn på leiting etter kupp om å puste med magen, halde hovudet kaldt og ikkje stole blindt på marknadsføringa og rabattane.

For sjølv om det står både 30, 50 og 70 prosent rabatt på akkurat den stavmiksaren eller dei skiskoa som du er ute etter, betyr det ikkje at vara ikkje blir seld endå billegare i ein annan butikk.

Avdelingsdirektør Jo Gjedrem i Forbrukartilsynet meiner det er nødvendig å gi kundane rettleiing. Gjennom fleire år har tilsynet erfart at ein del av Black Friday-marknadsføringa er villeiande.

– Det typiske er at prisen ikkje er sett ned, og at det er feil førpris som blir oppgitt. Forbrukarane kan då bli villeidde til å tru at dei gjer eit veldig godt kjøp, utan at det er tilfelle, seier han.

Ber folk samanlikne prisar

Gjedrem fortel at i tillegg til eigne undersøkingar, har Forbrukartilsynet dei siste åra fått ein del førespurnader frå kundar om villeiande marknadsføring på Black Friday.

– Samtidig ligg det i sakas natur at det ikkje er så lett for vanlege forbrukarar å oppdage dette, seier han.

Black Friday er ein viktig handelsdag for kjøpesentera, som i fjor henta inn 10,2 prosent av november-omsetninga si på salsdagen, som alltid er den første fredagen etter Thanksgiving.

Ifølgje Virkes prognosar kjem nordmenn til å svi av 3,8 milliardar kroner på julegåver og andre ting i år. Det er ein auke på 100 millionar kroner samanlikna med i fjor.

– Fullt mogleg å gjere gode kjøp

Avdelingsdirektøren i Forbrukartilsynet oppmodar forbrukarane til å sjekke prisar fleire stader på produkt dei er interesserte i, til dømes med prissamanlikningstenester som Prisguiden og Prisjakt.

Prishistorikk er òg noko det kan vere lurt å kike nærare på før ein svir av meir pengar enn nødvendig, ifølgje rettleiaren. Ved hjelp av prishistorikk kan ein sjå om vara ofte er på tilbod, kor mykje ho er nedsett og om Black Friday-rabatten faktisk er eit godt kupp.

– De kjem med mange åtvaringar. Er ikkje Black Friday òg ein dag ein kan sikre seg ting ein treng til ein billegare penge?

– Det er fullt mogleg å gjere gode kjøp, men det er òg fullt mogleg å gjere eit heilt ordinært kjøp til ein vanleg pris, svarer Gjedrem.

13 prosent av varene gjekk opp i pris

Ifølgje tal frå Prisjakt.no gjekk 30 prosent av dei 10.000 mest populære produkta ned i pris på Black Friday i fjor, men 13 prosent av varene gjekk opp i pris.

Ein gjennomgang som den svenske prissamanlikningstenesta Pricerunner har gjort i forkant av årets Black Friday, viser at dei 50 største nettbutikkane tenesta overvaker, auka prisane med 10 prosent på 18 prosent av produkta sine frå 1. september til 20. november i år.

Handelsdagen Black Friday byrja på 1960-talet i USA og har etter kvart spreidd seg til både Europa og Asia. I Noreg dukka fenomenet opp for første gong i 2009, men handelsdagen slo først an for fullt i 2015, ifølgje hovudorganisasjonen Virke.

The Daily Mirror melder at kvinna på bakken er Ada Wright, medan andre kjelder hevdar det er Ernestine Mills og ektemannen doktor Herbert Mills, som òg støtta saka. Foto: The Daily Mirror, Wikimedia Commons