DNT Ung inviterer til «Grøn Fredag – eit miljøvennleg alternativ til Black Friday».

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 29. november inviterer DNT ung for fjerde år på rad til Grønn Fredag – eit miljøvenleg alternativ til Black Friday. Bytedagen vert arrangert 19 stader over heile landet.

I år er prognosen at nordmenn vil bruke nærare 100 milliardar kroner på julehandelen. Mykje av dette på Black Friday.

I fjor handla norske forbrukarar for 3,7 milliardar kroner under Black Friday, noko som var ny rekord.

Gi heller vekk brukte klede

DNT ung er lei av kjøpehysteriet og oppmodar til å heller gi brukte klede og utstyr eit nytt liv.

Markus Malmin. Foto: DNT Ung

– Mange, meg sjølv inkludert, har turklede og – utstyr liggjande heime som ikkje blir brukt. I staden for å irritere seg og føle på dårleg samvit for at det støvar ned, kan du la det få nytt liv på Grøn fredag, seier Markus Malmin, leiar i DNT ung i ei pressemelding.

Du kan delta utan å ha med noko og du velgjer sjølv om du vil byte det du har, med utstyr andre har tatt med, eller om du vil selge det.

Arrangementet vart halde 19 stadar i Noreg 29. november:
Bergen, Bodø, Førde, Harstad, Haugesund, Kristiansand, Larvik, Lillehammer, Lørenskog, Moss, Odal, Oslo, Skien, Stavanger, Tromsø, Trondheim, Åndalsnes, Sandefjord og Tønsberg.

The Daily Mirror melder at kvinna på bakken er Ada Wright, medan andre kjelder hevdar det er Ernestine Mills og ektemannen doktor Herbert Mills, som òg støtta saka. Foto: The Daily Mirror, Wikimedia Commons