Black Friday-tilboda er kanskje for gode til å vere sanne

Prisane på om lag 800.000 varer som Prisjakt følgjer med på, har auka med over 10 prosent berre i oktober. Det skjer i forkant av tilbodskampanjane under Black Friday.

NPK-NTB
Publisert

Så langt i oktober har 33 prosent av alle varene Prisjakt følgjer, auka i pris, melder E24. 13 prosent, nesten 800.000 varer, har auka med meir enn 10 prosent.

Ifølgje sjef Christoffer Reina i Prisjakt Norge har det aldri vore fleire prisaukar i forkant av Black Friday, som er 24. november i år. Han seier at oktober i år stikk seg særleg ut med store prisaukar, trass generell prisvekst.

– Det er ein urovekkjande, negativ trend, viss vi samanliknar med tre tidlegare år. Den nye marknadsføringslova har gjort at vi har fått høgare prisar i oktober, då butikkane vil ha ein høg førpris å samanlikne rabattane sine mot på Black Friday, seier Reina.

Frå 1. oktober seier den nye marknadsføringslova at for at ein førpris skal vere reell, må den annonserte førprisen vere den lågaste prisen produktet har hatt dei siste 30 dagane før kampanjen.

Black Friday-rabattane er baserte på kva butikken tidlegare har selt produktet for. Forbrukartilsynet har fleire gonger påpeika ei rekkje brot på marknadsføringslova under tilbodsdagane.