Doblar prisane på Black Friday

Framtida
Publisert
Oppdatert 25.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag er den store handledagen. Butikkar og kjøpesenter inviterer til kjøpefest og lokkar med ville rabattar.

Pannebandgründer Torbjørn Selseng frå Sogndal har ein annan strategi for å trekka til seg kundar.

– Eg tenker å køyra ein skikkeleg kampanje på fredag, med dobbel pris i heile nettbutikken, seier han.

KORTREIST: Torbjørn Selseng er oppteken av bærekraft og vil at heile verdikjeda frå ull til ferdig produkt skal vera i Norge. No vil han skapa merksemd rundt dei negative konsekvensane av den årlege kjøpefesten Black Friday.

KORTREIST: Torbjørn Selseng er oppteken av bærekraft og vil at heile verdikjeda frå ull til ferdig produkt skal vera i Norge. No vil han skapa merksemd rundt dei negative konsekvensane av den årlege kjøpefesten Black Friday. Bilde: Pressefoto/Bjøddn.

Slik ønskjer han å markera motstand mot kjøpehysteriet resten av handelsstanden, med nokre få heiderlege unnatak, legg opp til. I fjor vart det omsett for godt over 1,5 milliardar kroner på det Selseng kallar «kolsvarte fredag».

– Det er heilt fullstendig feil retning å gå. Me allereie eit konsum som er langt over det jorda tåler. Folk bør heller ta vare på tinga sine og berre kjøpa det dei treng.

Skal menneskeslekta koma seg nokonlunde greitt gjennom det neste hundreåret, er me nøydde til å gjera endringar, trur Selseng. Der meiner han handelsstanden har eit særskild ansvar framover.

Kundane skal derimot ikkje ha dårleg samvit om dei kjøper noko råflott til ein god pris, meiner Selseng.

– Eg er slik sjølv òg. Viss eg ser eit skikkeleg tilbod på noko eg verkeleg har lyst på, så går eg òg heilt av skaftet. Problemet er når me blir lokka av gode tilbod til kjøpa meir enn me ville ha gjort i utgangspunktet. Ting me ikkje treng, seier han.

Les saka i Porten.no