Prognose: Nordmenn vil bruke nærare 100 milliardar kroner på julehandelen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prognosar frå Oslo Handelsstands Forening (OHS), reknar med ein vekst på 0,9 prosent frå fjoråret. Nordmen vil då bruke 97 millionar på julefeiringa i år.

Berre i desember bruker kvar og ein av oss 11.100 kroner på julemat og julegåver.

Desember er den viktigaste månaden for handelsstanden, og det er venta at omsetninga vil vere om lag 28 prosent høgare enn resten av året. For enkelte bransjar er talet mykje høgare, som til dømes hos leiketøysbutikkane der omsetninga aukar med over 200 prosent før jul.

Bjørn Næss. Foto: OHF

– Julehandelen er kjempeviktig. Hadde ein tatt bort november og desember, hadde det vorte mykje raude tal, så vi er ekstremt avhengige av ein vellykka julehandel, seier administrerande direktør Bjørn Næss i OHF til NTB.

For bokhandlere, gullsmedar og urmakarar blir det forventa rundt 150 prosent auke i omsetninga.

 

Vi startar stadig tidlegare

Men også november blir ein stadig viktigare månad for butikkane.

– Kvart år blir cirka 1 til 1,5 milliardar kroner flytta frå omsetning i desember til november, noko som kjem av at julegåvehandelen startar tidlegare og tidlegare, seier Næss.

Særlig Black Friday, som i år går av stabelen 29. november, har vorte viktig, og nordmenn drar kortet for rundt 4 milliardar kroner berre denne dagen.

– Black Friday har dei siste åra vorte rekna som avsparket på årets julehandel og er ein av grunnane til at mykje av julehandelen har flytta seg frå desember til november, forklarer Næss.

Flest menn er ute i siste liten

Det er likevel ikkje alle om startar innkjøpa så tidleg som i november, og dei siste dagane før jul er då vi handlar absolutt mest.

– 11 prosent av julegåvene blir handla dei siste to vekene før jul, med 22. og 23. desember som dei største. Men det er forskjell på kjønna, seier Næss.

Ei undersøking utført av YouGov på vegner av OHF viser at 18 prosent av dei spurde mennene gjennomfører innkjøpa dei to siste vekene før jul. Til samanlikning svarer berre 5 prosent av kvinnene det same.

– Her er menn i kraftig overtal. Det handlar kanskje om ein forskjell i evna til å planlegge, ler Næss.

Posehotell og heimkøyring

I Oslo sentrum blir det òg lansert eit pilotprosjekt i samband med førjulsstria, og det blir tilbode både posehotell og heimkøyring.

– 93 prosent av kundane i sentrum av Oslo kjem med kollektivtransport, og det er endå eit stressmoment for mange å dra med seg handleposene, seier Næss.

Fleire kjøpesenter i Oslo vil derfor tilby moglegheita til å levere posar med julegåver til gratis oppbevaring, eller bestille heimlevering mot betaling.

– Vi trur det legg meir til rette for den hyggelege stunda i sentrum, og vi trur det er noko mange vil prøve seg på.

Fakta om forbruket til nordmenn i desember

  • I snitt vil kvar einaste nordmann handle for 11.100 kroner i desember. 6.600 kroner går til julegåver og 4.440 til mat.
  • Prognosar viser at vi totalt vil bruke 97 milliardar kroner på julefeiringa. 40,8 milliardar på mat og 56,2 milliardar på julegåver.
  • Vi bruker 800 kroner på julebord og uteliv, 750 kroner på nyttårsfest og 160 kroner på fyrverkeri.
  • Vi et 2.000 tonn lutefisk, 5.000 tonn med juleribbe og fortærer 1.800 tonn med pinnekjøtt.
  • Det går med 2,9 millionar liter øl og 550.000 liter akevitt.

Kjelde: Oslo Handelsstands Forening