Politivalden mot suffragettene som demonstrerte for stemmerett vart ei PR-krise for Herbert Asquith og Winston Churchill. I ettertid har 18. november 1910 vorte kjent som «Black Friday».

Den amerikanske kjøpefesten «Black Friday» har festa grepet sitt i Noreg. Sidan 2009 har den norske handelsstanden i stadig større grad freista å lokka til seg kundar med fantastiske tilbod på denne dagen, slik dei har gjort i ei årrekkje i USA.

På den andre sida av Atlanteren skal omgrepet «Black Friday» først ha blitt innført av politiet og pressa i Philadelphia for å skildra kaoset som oppstod då alle skulle ut og handla dagen etter thanksgiving, som er den fjerde torsdagen i november. Dagen vert òg rekna som det offisielle startskotet for julehandelen.


Elizabeth Garett Anderson (t.v) saman med Emmeline Pankhurst fredag 18. november 1910. Foto: Ukjent, Wikimedia Commons

The real Black Friday
Kjøpefesten slik me kjenner han i dag kjem frå USA, men i Storbritannia har «Black Friday» ei mykje dystrare historie.

I november 1910 skulle det britiske Underhuset behandla ei lovendring som gav landeigande kvinner over 30 år rett til å stemma. Forslaget hadde på det tidspunktet vore gjennom første og andre runde og var klar til å stemmast over. Men statsminister Herbert Asquith sette kjeppar i hjula for forslaget ved å oppheva forsamlinga før forslaget vart teke opp.

Suffragettene, som var organisert i Women's Social and Political Union (WSPU), skulda Asquith for å lyga då han hevda at det ikkje var tid nok til å behandla forslaget som kalla The Conciliation Bill. (Conciliation betyr forlik eller forsoning, og namnet kom av at suffragettene ikkje bad om stemmerett for alle kvinner.)

Fredag 18. november leia Emmeline Pankhurst 300 suffragetter i ein protestmarsj mot det britiske parlamentet, som skulle samlast igjen. Politiet stoppa protestantane med vald. Kvinnene skal ha blitt slått og seksuelt trakassert.

– Fleire gongar tok konstablar og vanleg kledde menn i mengdene armane rundt meg bakfrå og tok på brysta mine så openlyst som mogleg, fortel ei suffragette ifølgje London Museum.

115 kvinner og fire menn vart arresterte. To kvinner døydde seinare av skadane dei fekk, ifølgje rapportar frå suffragetta Sylvia Pankhurst.

Stuff You Missed in History Class har fortalt historia om Sophia Duleep Singh, ei indisk prinsesse og suffragette som var ein av dei arresterte på «Black Friday». Singh skal ha gripe inn mot ein politimann som slo ei kvinne i bakken gjentekne gongar og vart tiltalt for å ha hindra politiet.

Etter hendingane skreiv ho fleire brev til dåverande innanriksminister Winston Churchill om valden ho hadde vore vitne til. Det skal ha enda med eit notat frå Churchill om at ho ikkje skulle få svar.

Pressa si rolle
Dette var den første og verste politivalden mot suffragettene, som viste seg å verte ei PR-krise for regjeringa.

The Daily Mirror skriv om korleis avisa i 1910 nekta å følgja ordrane frå Churchill, som freista å hindra pressa i å ta bilete og rapportera frå hendingane.

Dagen etter vart dei møtt av denne overskrifta:


Journalist Anita Anand, som har skrive biografien om Sophia Duleep Singh, fortel at saka fekk meir støtte etter mediemerksemda og  kallar det ein moralsk siger for suffragettene.

– For fyrste gong vart offentlegheita merksam på lidinga deira og kva som skjedde – The Mirror spelte ei stor rolle der, sa Anand til avisa i fjor.

I 1918 vart det innført ein avgrensa stemmerett for britiske kvinner over 30 år. Først i 1928 fekk begge kjønn stemmerett på like vilkår.

Om du har lyst å læra meir kan du jo ta ein kikk på fjorårets storfilm «Suffragette».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE