Black Friday: Slik unngår du freistingar og falske tilbod

Årets store forbruksfestival er her. Her er tipsa for å motstå tvilsame tilbod på ting du ikkje treng.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Black Friday er like rundt hjørnet, og Nordmenn planlegg å bruke 1.000 kroner meir på årets handel enn i fjor. Samstundes får fleire dårleg samvit av å handle, og fleire har mistru til dei tilsynelatande gode tilboda.

Åsa Paaske Gulbrandsen, politisk rådgivar i Framtiden i våre hender, håpar fleire tenker alternativt på årets svarte fredag. Ho har to tips til dei som vil unngå å bli freista av meir eller mindre gode tilbod:

1: Finn alternativ

– Vi ser at det er ganske mange mot-initiativ som kjem rundt omkring. Til dømes arrangerer Oslo kommune gjenbruksveke denne veka, med bytebuer og fiksefestar. Oppsøk bruktbutikkar heller enn å kjøpe nye varer. Det er også billegare enn dei gode tilboda, seier Gulbrandsen.

Også Bergen kommune arrangerer gjenbruksveke denne veka.

2: Tenk over kva du treng

– Det er lurt å tenke kritisk i forkant, så ein slepp å bli freista av massevis av tilbod på ting som ein ikkje nødvendigvis treng. Til dømes har vi ei utfordring gåande om å forplikte seg til å kjøpe maks fem nye plagg i løpet av eit år. Om du i forkant har bestemt deg for at du har nok klede eller elektroniske duppedingsar, slepp du å oppsøke tilbod, og du slepp å bli freista, seier Gulbrandsen.

Grøn fredag

DNT ung er éin av dei som arrangerer alternativ til Black Friday. Organisasjonen har sidan 2016 stelt i stand «Grønn fredag», og i år vert det arrangert 20 stader i Noreg. Der kan ein kjøpe, selje eller byte fritidsutstyr og -klede. På nokre arrangement kan ein dessutan lære å reparere.

Benedicte Sivertsen. Foto: Marius Dalseg

– Vi arrangerer Grønn fredag som ein protest og ei løysing mot Black Friday, og eit miljøtiltak, seier Benedicte Sivertsen, leiar i DNT ung.

– Dei aller fleste av oss har altfor mykje frå før, særleg vi som er veldig glad i friluftsliv. Vi er med på å øydelegge naturen, mellom anna med overforbruk av friluftsutstyr. Då har vi eit ekstra ansvar for å ta vare på den, seier ho.

Friluftsutstyr er nemleg noko av det nordmenn kjøper mykje av på Black Friday.

Også Sivertsen seier at ein bør tenke godt gjennom kva ein treng og planlegge eige forbruk, for å stå imot freistingar på sal.

– Det er lett å bli rive med når du ser eit tilsynelatande godt tilbod. Men eg trur mange av oss eigentleg har alt ein treng. Ein har kanskje lyst på ein ny, fresh jakke, men dei fleste vil komme fram til at dei eigentleg ikkje treng det om dei tenker seg om, seier ho.

Sivertsen seier at det er viktig for organisasjonen å vere ein del av løysinga.

– Eg skjønar godt at mange treng å gjere gode kjøp om privatøkonomien er stram. Difor er det så viktig at vi har mange moglegheiter for brukthandel, at vi har ein kultur for gjenbruk og at vi vidareutviklar utlånsordningar for utstyr, seier Sivertsen.

– Verdstoppen på bruk og kast

I fjorårets Black Week handla nordmenn varer med eit klimagassutslepp som svarar til 235 000 flyturar Oslo–New York, ifølge Framtiden i våre hender. Det er nok til å nulle ut ein stor andel av dei norske klimakutta.

– Mange argumenterer med at dei gjer planlagde kjøp, men dette er så massivt at eg har vanskeleg for å tru at alle dei kjøpa er behovsbaserte og nødvendige, seier Åsa Paaske Gulbrandsen i Framtiden i våre hender.

Åsa Paaske Gulbrandsen. Foto: Framtiden i våre hender

Ho meiner nordmenn heller bør få tinga sine til å vare lenger.

– Vi nordmenn er i verdstoppen på bruk og kast, og i botn når det gjeld sirkulærøkonomi. Vi må halde varer som allereie er produserte, lenger i bruk. Då er ikkje massive kjøpekampanjar det vi treng, slår Gulbrandsen fast.

– Sjekk bruktmarknaden

I fjor var ulike elektroniske produkt på kjøpstoppen på Black Friday. Pulsklokker, datamaskiner, tv-ar, smartklokker, robotstøvsugar og pc-skjermar var nokre av kategoriane med flest gode tilbod.

Gulbrandsen trur mange går for desse tilboda fordi det er relativt dyre produkt.

– Men viss du treng ein ny telefon, vil eg anbefale å sjekke bruktmarknaden i staden. Det finst tenester med ganske gode garantiar, og ein treng antakelegvis ikkje den nyaste av det nye, seier ho.

Ho trur også eit dårleg tilbod for reparasjon er eit hinder for at folk reparerer produkta sine, og heller kjøper nye.

– Om ein reduserer moms på reparasjon, så det både vert meir lukrativt for reparatørar å etablere seg, og at tilbod og tilfang vert betre og større for forbrukarane. Vi må ta i bruk verkemidla vi har for å gjere dei sirkulære forretningsmodellane lønsame, seier ho.

Stor risiko for å bli lurt

Thomas Iversen, forbrukarjurist i Forbrukarrådet, seier at det er stor risiko for å gå i ei prisfelle under Black Friday, om ein ikkje følger med.

Thomas Iversen er forbrukarjurist i Forbrukarrådet. Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukarrådet

– Det viktigaste rådet er å ha litt is i magen. Det er veldig vanleg at butikkane skrur opp prisen på eit stort antal varer i førebuingane til store handledagar, og deretter legger på ein ganske god rabatt. Det gjer at vi får ein miks av ekte gode tilbod, og tilbod som ser gode ut, men eigentleg berre er marknadspris, seier han.

Han rår til å samanlikne prisar med andre butikkar, eller med tenester som Prisjakt.no.

– Særleg ved impulshandel kan denne risikoen slå ut, seier han.

Eksempel på ein tv som har gått opp i pris i slutten av oktober. Det er ikkje usannsynleg at det vil komme eit tilsynelatande godt Black-Friday-tilbod på denne vara, der førprisen er gjort kunstig høg.

Ventar fleire «falske» tilbod

I år har marknadsføringsreglane vorte forenkla. Det gjer også at det er enklare for næringslivet å tilpasse seg reglane.

– Vi er redde for at det i år vil kunne bli eit større antal tilbod som ser gode ut, men som er dårlegare. Vi ventar at styresmaktene følger med på korleis denne regelendringa slår ut, seier Iversen.

Prisjakt melde tidlegare i haust at prisen på rekordmange varer var skrudd opp i forkant av Black Friday-sal.

Inflasjon i tilbod

Med Black Friday, Black Week, Cyber Monday, Cyber Week, Single’s day, og så bortetter, har det oppstått eit stort trykk med marknadsføring av sal. Iversen trur det gjer at det kan gå inflasjon i å ha ting på sal.

– Vi ser på undersøkingar at folk har lågare tillit til om eit tilbod er godt. Det overraskar meg ikkje, seier Iversen.

Samstundes er vi inne i ei tid med høg inflasjon, aukande styringsrente og høge straumprisar. Folk har mindre pengar til overs. Vil det føre til at folk held meir tilbake på Black Friday, eller at gode tilbod er endå meir kjærkomne?

– Det er todelt. Eg håpar at folk unngår å kjøpe meir enn dei har råd til. Det er absolutt ikkje anbefalt å handle tilbodsvarer på kreditt – rentene vil fort overgå det ein sparar. Men om det er noko du har behov for, er det ikkje dumt å bruke dei store handledagane på å sjå om det faktisk kjem på tilbod. Det kan vere ein fin måte å skaffe det du treng på, til ein billig penge, meiner Iversen.

Så sant tilbodet er reelt.

Han minner også om at ein har angrerett på netthandel, og at mange fysiske butikkar har ope kjøp eller byterett. Det er altså ofte mogleg å komme ut av ein handel du angrar på.

– Om du får ein blåmåndag etter Black Friday, kan det vere lurt å sjekke om du kan returnere det du har kjøpt. Ofte er det krav om at produktet er ubrukt og uopna, og ofte er det korte fristar, seier Iversen.


Foto: Unsplash/George Beridze