Grøn fredag utfordrar Black Friday

DNT ung oppmodar fleire til å byta kjøpestress med bytefest.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 25.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det amerikanske handelsfenomenet Black Friday har kome for å bli i Noreg. Butikkane reknar med at nordmenn i år vil handle for 3,4 milliardar, og sprenger dermed alle rekordar.

Fredag 24. november arrangerer DNT ung for andre gong suksessen Grøn Fredag – eit miljøvennleg alternativ. Og interessa er meir enn dobla frå i fjor, med 15 DNT ung-arrangement frå Hammerfest i nord til Stavanger i sør. Over 13.000 har så langt svart at dei deltar på arrangementa på Facebook.

– Ikkje kjøp, byt!

– Dei fleste av oss har turklede og -utstyr liggjande heime som me ikkje brukar. No gjev me i DNT ung deg eit høve til å levera det vidare eller byte til deg noko anna. Det er kult at friluftsmiljøet kan vera med å gjera gjenbruk meir populært og vanleg, seier Johanne Grue Reiten, leiar i DNT ung i ei pressemelding.

Nordmenn er på topp i innkjøp av sports- og fritidsutstyr, og spesielt mykje kjøper me på Black Friday. DNT ung er lei av kjøpepresset og oppmodar til å heller gje brukte klede og utstyr eit nytt liv.

Johanne Grue Reiten er leiar i DNT Ung. Foto: Marius Dalseg

Johanne Grue Reiten er leiar i DNT Ung. Foto: Marius Dalseg

Har blitt ein trend

DNT ung og resten av friluftsmiljøet stod i bresjen då Grøn Fredag vart arrangert for første gong i fjor.  I år har fleire organisasjonar følgt etter og tatt avstand frå Black Friday ved å arrangera bytekveldar, visa korleis ein gjenbrukar eller reparerer, og dessutan kursa folk i korleis ein på best mogleg måte tek vare på det ein allereie har.

– All produksjon av klede og utstyr belastar miljøet. Grøn Fredag viser at me alle kan bidra å halda sportsutstyr i bruk. Dermed bidreg òg utstyret til noko positivt; sikkert og morosamt friluftsliv, seier forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp ved forskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus i ei pressemelding.

– Ta eit dykk i bua

For å delta er det berre å leita fram klede som ikkje passar eller utstyr som står i bua og ikkje blir brukt. Du vel sjølv om du vil byta det du har med noko anna eller leggja det på «vippsebordet» der du set eit sum på utstyret du vil selja. Du kan sjølvsagt òg delta utan å ha med noko, og likevel sikra deg friluftskupp til vintersesongen.

– Eg håpar arrangement som Grøn Fredag kan gjera at fleire får auga opp for at jo meir ting vert brukt, jo mindre vert miljøbelastninga, seier Johanne Grue Reiten.

Grøn fredag:

Blir arrangert 24. november i: Alta, Bergen, Drammen, Førde, Hammerfest, Haugesund, Kongsberg, Lillehammer, Oslo, Sandefjord, Stavanger, Sogndal, Trondheim, Tromsø og Voss.

DNT ung er ungdomsorganisasjonen til DNT, og er for medlemmar mellom 13 og 26 år. DNT ung er den største friluftsorganisasjonen for barn og unge i Noreg og har over 40.000 medlemmar.