Rekordhøg handel under Black Friday

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Nets og BankAxept viser det vart utført nesten 9 millionar kortkjøp på handledagen Black Friday, ein auke på 3,3 prosent frå tilsvarande dag i fjor. Det gjer òg sist fredag til dagen med mest kortbruk nokon gong.

– Aldri før er korta nytta så flittig, seier Stein-Arne Tjore, pressesjef for Nets i Noreg.

Dei meste hektiske timane på Black Friday er målte til å vere mellom 11 på dagen og 18 på kvelden. Tjore seier at det derimot òg var meir aktivitet vidare utover kvelden, og heilt fram til klokka 23, enn på ein vanleg fredag.

I tillegg til BankAxept-kort, fordelar kortbruken seg på ulike internasjonale kort, kredittkort og elektroniske gåvekort, skriv Nets.

Les også: Rekordmange Grøn fredag-arrangement