Her debuterer Selma (29) som «graffitikunstnar»

Saman med studentar, lagar graffitiartist Flexi Aukan (38) og gatekunstnaren AFK Oslo sitt største veggmåleri, i kampen for ei betre verd.

Mathea Kulbotten
Publisert

– Det som er gøy, er at vi pleier å jobbe med rapportar og akademiske tekstar, mens no får vi jobbe med noko visuelt som er synleg i byen. Det er kult! seier Selma Bratberg (29), som er leiar i organisasjonen SAIH – Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond.

Framtida.no møter ho ved ein diger, grå vegg i Christian Krohgs gate 39 på Grønland. Der er også prosjektleiar Hanne Ugelstad i Street Art Oslo og graffitiartist Flexi Aukan til stades. Saman med studentar skal Aukan og ein gatekunstnar med forkortinga AFK lage Oslo sitt største veggmåleri.

Graffiti på gata er i utgangspunktet ulovleg, men prosjektet har fått løyve.

Skal vekke eit håp

Veggen er på 590 kvadratmeter, og skal snart bli dekt av fargerik spraymåling. Og politiske bodskap.

– Veggen skal vekke eit håp og ei motstandskraft. Det er dette som blir kalla «artivism». At vi bruker kunst til å sette lys på ei samfunnssak, seier Bratberg.

Ho ser med bekymring på det som skjer med studentar som protesterer for Palestina i USA, og viser til ein rapport som SAIH sjølv har gitt ut, om angrep på studentaktivisme:

– Vi ser at dei bruker dei same verktøya i USA som i autoritære regime. Det kan kanskje vere ein vekkar her i Noreg. Angrep på den akademiske fridomen skjer i aukande grad i land som vi pleier å assosiere oss med. Vi er heller ikkje immune mot slike angrep.

Kunst seier meir enn ord

Hanne Ugelstad synest det hjelper å engasjere seg ved å gripe inn i omgjevnadane.

– Det er viktig å ikkje miste håpet, og tvinge seg sjølv til å gjere noko. Ei materiell forandring av omgjevnadane kan både vekke interesse og overraske.

Ho meiner det som kommuniserer til hjartet, er viktig.

– Kunst går meir inn i kjenslene enn ord. Menneske liker å tru at vi tar avgjerder basert på kunnskap, men det stemmer ikkje. Vi tar avgjerder basert på det vi føler er rett.

Ho er glad for at måleriet blir til akkurat her.

Då kan folk stoppe opp og gjere sine eigne tolkingar og refleksjonar.

Avdukingsseremonien skjer fredag den 27. juni klokka 18.00 på Folk i Storgata.

– Perfekt for ein gatefant

Flexi Aukan har halde på med graffiti sidan han gjekk i tredje klasse på barneskulen, og vart nettopp uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO), med ein bachelorgrad i grafisk design og illustrasjon.

– Graffiti er å vere til stades i bybildet og bringe fargar og bodskap til folk, seier han.

I løpet av prosjektet har han hatt ein workshop med både norske og internasjonale studentar. Der snakka dei mellom anna om teknikk, og studentane fekk komme med idéar til korleis kunstverket skulle sjå ut.

– Det å jobbe saman gjer ting meir levande.

Aukan seier det kjennest riktig å vere her og måle.

– Det er gøy å sleppe å sitte på skulebenken heile tida. Perfekt for ein gatefant som meg!

– Dei er vande til å sitte på lesesalen

Bratberg synest det er kjekt at studentane er med på prosjektet.

– Dei fleste har inga erfaring med dette frå før. Dei er vande til å sitte på lesesalen, seier ho.

Ugelstad trekker fram at graffiti er noko som alle kan gjere. Så lenge dei har løyve.

– Det er tilgjengeleg for alle. Du treng berre ein sprayboks. Det er berre å eksperimentere.

– Hadde det ikkje vore for Oslo, hadde det ikkje vore nokon graffiti

I ein søppelsekk som heng på gjerdet, ligg alle sprayboksane som har vore nytta i prosjektet så langt. Den nedste delen av måleriet er ikkje ferdig, men tjue boksar er allereie tømte.

– Visste du at sprayboksen er ei norsk oppfinning? spør Ugelstad.

Ho fortel at han vart funne opp i Noreg i 1926.

– Så hadde det ikkje vore for Oslo, så hadde det kanskje ikkje vore nokon graffiti i det heile tatt, seier Aukan.