Sara (26) går frå studielån til ei årsløn på 956.000 kroner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje løna som gjer at eg har tatt jobben, på ingen måte, forsikrar Sara Sekkingstad NRK.no.

Etter kommunevalet i år vart Sara Sekkingstad (26) tidenes yngste ordførar. Ho skal vera den første som ber ordførarkjedet i den nye storkommunen Alver. 1. januar 2020 slår nemleg heimkommunen hennar Radøy seg saman med Lindås og Meland.

– Når ein ser at det er ordførarar som er både 21 og 22 år gamle, så overraskar det meg litt at eg er yngste kvinne, sa Sekkingstad på telefon til Framtida.no då me fortalde at ho var yngste kvinne.

Den nyvalde ordføraren måtte søkja permisjon i sivilingeniørstudiane i havbruk og sjømat ved Universitetet i Bergen.

I fjor hadde 26-åringen 125.389 kroner i inntekt, noko ho forklarar var studielån og litt honorar frå fylkeskommunen.

No går ho frå studentøkonomi til ei årsinntekt på 956.463 kroner, noko som tilsvarar løna til ein stortingsrepresentant.

Les også: Jonas (21) vert tidenes yngste ordførar

42 millionløner

Ut i frå skattelistene for 2018 har NRK laga ei oversikt over inntektsnivået til 354 av dei 356 ordførarane i Noreg.

Oversikta viser at sitjande ordførarar sit betydeleg mykje betre i det enn nyvalde. Medan medianinntekta til dei nyvalde ordførarane var på 558.000 kroner i 2018, var medianinntekta til dei gjenvalde ordførarane på 764.000 kroner.

42 av ordførarane hadde ei årsløn på over éin million.

Noregs rikaste ordførar er Bjørn Ole Gleditsch i Sandefjord, som har ein betydeleg eigarpost i målingprodusenten Jotun. I fjor betalte han 7,7 millionar i skatt. Han hadde 532,3 millionar kroner i formue og 10,3 millionar kroner i skattbar inntekt i 2018.

Forskar: – Passeleg løn

Seniorforskar Nils Aarsæther ved Norce i Tromsø seier til NRK at han ikkje meiner den generelle ordførarløna i Noreg er for høg.

– Viss ein samanliknar med leiarløningar i større bedrifter i privat næringsliv, vil eg seie at ordførar har ei passeleg løn som blir oppfatta som rimeleg i vårt samfunn, seier han til NRK.

Han understrekar likevel at dei folkevalde må forvente at folk følgjer med på lønsutviklinga deira, og bør tenkje seg om før ein vedtek å auke løna.

Les meir om arbeidskvardagen til ein fulltidspolitikar i spalta «Yrket mitt»: Freddy André (24) er stortingspolitikar for SV

Freddy André Øvstegård har ei bachelorgrad i statsvitskap, og er no stortingsrepresentant for SV. Foto: Privat