Jonas (21) vert tidenes yngste ordførar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er i grunn litt vanskeleg å beskrive, men det er jo heilt rått. Me gjorde eit utruleg godt val men eg hadde i grunn ikkje tort å håpe på at det skulle gå heilt inn, seier Jonas Andersen Sayed til NRK.

For onsdag vart det klart at den 21 år gamle KrF-politikaren vert ordførar i Sokndal kommune dei neste fire åra. Den yngste ordføraren i landet nokon gong.

Den førre rekorden tilhøyrde Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe som var 22 år gamal då han vart vald i 2015. 

KrF skal den komande perioden styre i Sokndal kommune saman med Venstre, Frp, Sp og Sokndal-listo, melder NRK.

Glede i KrF-leiren

Reaksjonane frå partifellane har ikkje lete vente på seg:

– Han er klok og dyktig – langt utover sin alder. Det har openbert mange i Sokndal forstått. Gratulerer, gode Jonas! skriv KrF-leiar og barne- og helseminister Kjell Ingolf Ropstad på Facebook.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad skriv på Facebook at også ho trur Sayed kjem til å kle ordførarvervet godt:

– Dette vil du klare bra! Du er klok, kunnskapsrik og god til å samarbeide. Vi er mange som heiar!

I kommunestyret som 17-åring

Jonas Andersen Sayed har allereie vore engasjert i lokalpolitikken i fleire år. Som 17-åring vart han først vald inn i kommunestyret. Sidan dess har Sayed freista å avmystifisere lokalpolitikken:

– Politikk treng ikkje vera så komplisert som det ofte blir framstilt som, og vi treng unge stemmer som er aktive i viktige avgjerdsprosessar, skreiv han til Framtida.no tidlegare i år.

Samstundes fortalte Sayed at han gjekk til val på å skaffe nok pengar til å flaumsikre bygda:

– Om 200-års-flaumen kjem, vil heile førsteetasjen av rådhuset ligge under vatn, og flaumfaren i seg sjølv har tilnærma stoppa heile sentrumsutviklinga.

No har 21-åringen høve til å vere med å bygge og utvikle heimkommunen som ordførar.

Nilofar Nori er landets yngste ordførarkandidat. Foto: Privat